Nationaltheatret i Oslo er, ved sida av Den Nationale Scene og Det Norske Teatret, ei av dei tre norske hovudscenene for teaterkunst. Bygningen som har fasadar i hovudsak av gul maskintegl og granitt, vart teikna av arkitekt Henrik Bull, som vann ei arkitekttevling om oppdraget i 1891.Knut Are Tvedt side 380
Den opphavlege teatersalen (Hovedscenen) er innreidd i nyrokokkostil. I tillegg er det seinare innreidd to andre scener i bygningen: Amfiscenen og Malersalen. Teatret opna den 1. september 1899. Bygningen vart freda etter lov om kulturminne i 1983.
Bull teikna òg sjokoladen Lohengrin som frå 1911 og nokre år framover berre var til sals i Nationaltheatret.
Den første sjefen på Nationaltheatret var Bjørn Bjørnson, son til Bjørnstjerne Bjørnson. Teatersjef frå 1. januar 2009 er Hanne Tømta.
Den administrative delen av Torshovteatret er òg tillagt Nationaltheatret.
Teatersjefar 1899–1907: Bjørn Bjørnson 1908–1911: Vilhelm Krag 1911–1923: Halfdan Christensen 1923–1927: Bjørn Bjørnson 1928–1930: Einar Skavlan 1930–1933: Halfdan Christensen 1934–1941: Axel Otto Normann 1945–1946: Axel Otto Normann 1946–1960: Knut Hergel 1960–1961: Carl Fredrik Engelstad 1962–1967: Erik Kristen-Johanssen 1967–1978: Arild Brinchmann 1978–1986: Toralv Maurstad 1986–1988: Kjetil Bang-Hansen 1988–1990: Ellen Horn 1988–1990: Ole-Jørgen Nilsen 1988–1990: Sverre Rødahl 1990–1992: Stein Winge 1992–2000: Ellen Horn 2000–2008: Eirik Stubø 2009– : Hanne Tømta
Galleri
Sjå òg Nationaltheatret stasjon
Kjelder
Litteratur Knut Are Tvedt (red): Oslo byleksikon, Kunnskapsforlaget 2010, ISBN 978-82-573-1760-7
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kultur i Oslo Nationaltheatret Kategori:Skipingar i 1899 Kategori:Kulturminne i Oslo Kategori:Freda bygg i Oslo Kategori:Oslo sentrum