Keep On Keepin' On er det tolvte studioalbumet til det amerikanske countryrockbandet New Riders of the Purple Sage, gjeve ut i 1989 på Mu Records, og så gjeve ut på ny på Relix Records.Keep On Keepin' On at the Grateful Dead Family Discography

Keep On Keepin' On er det første av to studioalbum av New Riders med berre det eine originale bandmedlemmet att, John Dawson. Det andre var Midnight Moonlight frå 1992. Albumet inneheld ein versjon av Grateful Dead-songen «Friend of the Devil», der Dawson var medlåtskrivar.

Albumet er meir innretta mot folkrock og bluegrass enn dei tidlegare albuma deira, dels på grunn av bidraga til multi-instrumentalisten Rusty Gauthier.

Innhald

Medverkande

New Riders of the Purple Sage John Dawson – akustisk gitar, munnharpe, solo- og korvokal Rusty Gauthier – akustisk gitar, lapsteelgitar, dobro, fele, banjo, 12-strengsgitar, solo- og korvokal Gary Vogensen – elektrisk gitar, korvokal Greg Lagardo – trommer Michael White – bass

Andre medverkande Jennifer Hall – korvokal Jeanette Sartain – korvokal Carolyn Gauthier – korvokal Boots Hughston Kincaid Miller Lina Valentino Val Fuentes Bill Amatneek Stu Feldman Bing Nathan Bob Black

Produksjon Boots Hughston – produsent, leiande produsent, miksing Bob Heyman – leiande produsent Ricky Lynd – lydteknikar, miksing Wendy Bardsley – andre lydteknikar Jamie Bridges – sub-lydteknikar Tom Flye – miksing Bob Missbach – miksing Mixed at Hyde Street Studios, San Francisco

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Keep On Keepin' On av New Riders of the Purple Sage» frå , den 20. oktober 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:New Riders of the Purple Sage-album Kategori:Musikkalbum frå 1989