Tepelenë er ein by og ein kommune i regionen Gjirokastër i Albania. Kommunen ligg sør i landet og grensar i vest til regionen Vlorë.
Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Tepelenë vart slått saman med landkommunane Qendër Tepelenë, Lopës og Kurvelesh. Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Tepelenë.
Tidlegare administrativ inndeling Fram til år 2000 var dei tidlegare by- og landkommunane ein del av distriktet Tepelenë. Den dåverande bykommunen omfatta berre sjølve byen Tepelenë.
Folketal
Kommunaleining Folketal 2011 Folketal 2023 Kurvelesh 705 499 Lopës 723 517 Qendër Tepelenë 3 179 2 036 Tepelenë 4 342 3 709 Kommunen Tepelenë 8 949 6 761
Referansar
Kategori:Byar i Albania Kategori:Kommunar i Albania Kategori:Regionen Gjirokastër Kategori:Busetnader i regionen Gjirokastër Kategori:Kommunaleiningar i regionen Gjirokastër