Magnetic South er det første soloalbumet til den amerikanske musikaren Michael Nesmith etter karrieren hans i The Monkees var over. Det kom ut på RCA Records i 1970 og nådde 143. plassen på Billboard Pop Albums-lista. Magnetic South vert rekna som eit tidleg døme på countryrock. Ein singel, « Joanne/One Rose», vart gjeven ut frå albumet og nådde 21. plassen på Billboard-lista og sjetteplassen på Adult Contemporary-lista. Det var den høgasteplasseringa Nesmith klarte i solokarrieren sin.
Historie Nesmith skipa gruppa First National Band for høvet, og nytta dette namnet på omslaget. BandmedlemmetJohn London hadde tidlegare spelt bass på fleire songar av The Monkees og vore statist på fleire episodar av TV-serien, medan Red Rhodes hadde spelt på eit par Monkees-songar, som «Steam Engine», i 1969.
Fem av dei elleve songane på albumet var skrivne av Nesmith medan han var i The Monkees. Dei fire første spora vart spelte inn i 1968-1969 for The Monkees, medan «Hollywood» òg vart spelt inn i 1968, men for ein demo av Nesmith, for kanskje å takast med på albumet Headquarters. Då Nesmith prøvde å distansere seg frå The Monkees, men han dediserte likevel albumet til Bert Schneider, Davy Jones, Micky Dolenz og Peter Tork (i tillegg til Lester Sill). Nesmith nemnde ikkje eller hinta til The Monkees att før The Michael Nesmith Radio Special, ni år seinare.
Felton Jarvis vart oppført som produsent, sjølv om han ikkje eigentleg gjorde noko produksjonsarbeid. Dette vart hovudsakleg gjort som ein takk til Jarvis, som hadde hjelpt til med å få The First National Band til RCA Records. Jarvis vart òg den einaste personen utanom Nesmith sjølv som stod oppført som produsent på nokon av albuma hans.
Magnetic South kom ut på ny i 1999 som 16 Original Classics med fem bonusspor.[ 16 Original Classics reissue review on Allmusic.] Det kom òg ut i lag med Loose Salute (begge ommastra) på CD av RCA/BMG International i 2000.[ Magnetic South and Loose Salute reissue review on Allmusic.]
Mottaking
Magnetic South selde heller dårleg, men vart ei ny retning for Nesmith og hjelpte han bort frå imaget sitt som ein Monkee. Under ein av dei første konsertane bandet spelte, spelte dei i lag med Gram Parsons og det heilt nye bandet hans Flying Burrito Brothers. Nesmith hugsa korleis det må ha sett latterleg ut for erfarne countryfans, som Parsons, som såg ein tidlegare Monkee kledd i Nudie-dress med ein steelgitarist på slep. Den unike stilen deira var nok til å få innpass i klubbmiljøet i Los Angeles og skape eit nytt image for Nesmith.
Allmusic skreiv i meldinga si: «Michael Nesmith blanda ein countrystil med instinktet til ein rockar, og blanda luftige tankar om livets natur og kjærleiken til ikonoigrafien over livet i Vesten som samla det gamle og det nye, og gleda seg i motsetnader på Magnetic South, og fekk dei til å høyrast like behagelege ut som slitte cowboystøvlar og like morosame som ein låvedans ein laurdagskveld. Det er eit lite meisterverk innan countryrock, og sjølv om Eagles selde fleire plater, kan Nesmith jodle betre enn nokon av dei.»
Innhald
Medverkande Michael Nesmith – vokal, gitar Red Rhodes – pedalsteelgitar John Ware – trommer John London – bass med: Earl P. Ball – sidepiano Glen Hardin - piano, klaverinstrument, spor 12-16
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Magnetic South» frå , den 28. oktober 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1970 Kategori:Album produserte av Felton Jarvis Kategori:USA-amerikanske countryrockalbum Kategori:Michael Nesmith-album Kategori:RCA Records-album