Blue Kentucky Girl er det sjette studioalbumet til den USA-amerikanske countryartisten Emmylou Harris, gjeve ut i 1979. Albumet går djupare inn i tradisjonell country enn countryrockstilen på dei tidlegare platene til Harris og ho baserte på ein meir akustisk stil.
Av songane finn ein verk av Willie Nelson og Gram Parsons. Rodney Crowell-songen «Even Cowgirls Get the Blues» med harmonivokal av Dolly Parton og Linda Ronstadt var eit resultat av ei innspeling for å spele inn det første av eit album med denne trioen i 1978. Albumet vart ikkje noko av den gongen og det tok nesten ti år før dei klare å få det til.
Albumet vann Grammyprisen i 1980 for beste kvinnelege countrysong. «Beneath Still Waters» vart den fjerde hitten til Harris som nådde toppen av countrylista. Versjonen hennar av The Drifters-hitten «Save the Last Dance for Me» frå 1960 og tittelsporet på albumet (opphavleg av Loretta Lynn) nådde topp 10 på lista.
I 2006 vart albumet rangert på 20. plassen på lista til CMT over dei 40 beste countryalbuma.
Innhald
Medverkande Brian Ahern – akustisk gitar, lys gitar, bass, perkusjon, 6-strengsbanjo Duke Bardwell – bass Mike Bowden – bass Tony Brown – piano James Burton – elektrisk gitar Rodney Crowell – akustisk gitar, lys gitar Lincoln Davis Jr. – trekkspel Hank DeVito – pedalsteelgitar Don Everly – duettvokal Emory Gordy jr. – bass Glen Hardin – piano, strykearrangement Emmylou Harris – vokal, akustisk gitar, elektrisk gitar Ben Keith – pedalsteelgitar Albert Lee – akustisk gitar, elektrisk gitar, mandolin Dolly Parton – korvokal Bill Payne – piano Mickey Raphael – munnspel Linda Ronstadt – korvokal Ricky Skaggs – fele, 5-strengs fele, mandolin, korvokal Fayssoux Starling – korvokal Tanya Tucker – duettvokal Ron Tutt – trommer John Ware – trommer Cheryl White – duettvokal, korvokal Sharon White – duettvokal, korvokal
Teknisk Brian Ahern – produsent, lydteknikar Donivan Cowart – lydteknikar Bradley Hartman – lydteknikar Stuart Taylor – lydteknikar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Blue Kentucky Girl (album)» frå , den 13. november 2020. oppgav desse kjeldene: Emmylou Harris Blue Kentucky Girl - notat i plateomslaget
Kategori:Emmylou Harris-album Kategori:Musikkalbum frå 1979 Kategori:Album produserte av Brian Ahern Kategori:Warner Bros. Records-album