Trio er det første samarbeidsalbumet til Dolly Parton, Emmylou Harris og Linda Ronstadt. Det kom ut 2. mars 1987 på Warner Bros. Records. Albumet har selt over fire millionar eksemplar verda over.
Bakgrunn Parton, Harris og Rondstadt hadde vore vener og fans av kvarandre i mange år og hadde alt i 1970-åra prøvd å spele inn eit album i lag. Men sidan dei var opptekne på kvar sin kant, og kvar for seg hadde kontraktar med forskjellige plateselskap, vart det ikkje noko av den gongen.
Enkelte innspelingar dei gjorde i 1970-åra kom ut på dei respektive soloalbuma til kvinnene. «Mr. Sandman» og «Evangeline» kom ut på Harris-albumet Evangeline og Parton sin «My Blue Tears» kom ut på Ronstadt-albumet Get Closer i 1982. Rodney Crowell sin «Even Cowgirls Get the Blues» kom ut på Harris sitt Blue Kentucky Girl. «Palms of Victory», eit anna spor frå innspelingane i 1970-åra, kom ut på plateboksen til Harris, Songbird: Rare Tracks and Forgotten Gems i 2007.
Parton og Ronstadt spelte òg inn ein versjon av den tradisjonelle balladen «I Never Will Marry», som kom ut i 1977 på Ronstadt sitt Simple Dreams, sjølv om denne vart spelt inn ved eit anna høve enn det første Trio-forsøket. Det same vart Ronstadt sin versjon av Hank Williams sin «I Can't Help It (If I'm Still in Love with You)» frå Heart Like a Wheel, der ho hadde med seg Harris. På denne tida spelte Ronstadt og Harris òg fleire av songane til Parton. Harris spelte «Coat of Many Colors» og «To Daddy», og Ronstadt spelte inn «I Will Always Love You». Parton på si side spelte Harris sin «Boulder to Birmingham» i 1976 på albumet hennar All I Can Do.
Til slutt fekk dei i stand eit samarbeid. Innspelinga vart produsert av George Massenburg. Då Trio kom ut i mars 1987, inneheldt det fire hitsinglar, inkludert ein versjon av Phil Spector-hitten med The Teddy Bears, «To Know Him Is to Love Him», frå 1958.
Mottaking
Billboard skreiv ei melding 14. mars 1987: «Om dei 'nye tradisjonalistane' i country framleis har ei kjelde å hente songar frå, så er det i stor fordi desse songfuglane har halde det i live gjennom 1970-åra. Men dei tre i trioen kviler ikkje på rykta sine her. Kvar song på albumet er slåande vakre.»
Albumet gjekk til topps på den amerikanske Billboard Top Country Albums-lista og låg der fem veker på rad. Albumet nådde òg sjetteplassen på Billboard 200-lista. I Canada nådde albumet fjerdeplassen på RPM Top Albums-lista. Albumet fekk òg suksess i Sverige der det nådde 29. plassen på Sverigetopplistan og i Storbritannia der det nådde 60. plassen på albumlista.
Den første singelen frå albumet, «To Know Him Is to Love Him», kom ut i januar 1987 og gjekk til topps på Billboard Hot Country Singles-lista. Singelen gjekk òg til topps på RPM Country Singles-lista i Canada. Den andre singelen, «Telling Me Lies», kom ut i mai 1987 og nådde tredjeplassen på Billboard Hot Country Singles-lista, 35. plassen på Billboard Hot Adult Contemporary-lista og sjetteplassen i Canada på RPM Country Singles-lista. «Those Memories of You» var den tredje singelen frå albumet, gjeven ut i august 1987 og han nådde femteplassen på Billboard Hot Country Singles-lista og gjekk til topps på countrylista i Canada. Den fjerde og siste singelen frå albumet, «Wildflowers», kom ut i mars 1988 og nådde sjetteplassen på Billboard Hot Country Singles-lista og åttandeplassen i Canada på RPM Country Singles-lista.
Albumet vann Grammyprisen for beste countrysong av duo eller gruppe. Det vart òg nominert til Årets album i lag med Michael Jackson, U2, Prince og Whitney Houston. «Telling Me Lies» vart òg nominret for beste countrysong. Albumet vann prisen for årets album i 1987 av Academy of Country Music Award og Årets vokalhending ved Country Music Association Awards i 1988.
Innhald
Medverkande Henta frå notat i plateomslaget.
Emmylou Harris – solovokal, harmonivokal, akustisk gitar Dolly Parton – solovokal, harmonivokal Linda Ronstadt – solovokal, harmonivokal Ry Cooder – tremologitar Kenny Edwards – akustisk bass, elektrisk bass Steve Fishell – pedalsteelgitar, dobro, hawaiigitar Russ Kunkel – trommer Albert Lee – akustisk gitar, lys gitar, mandolin David Lindley – akustisk gitar, autoharpe, dulcimer, harpolek, hawaiigitar, mandolin Mark O'Connor – akustisk gitar, fele, bratsj, mandolin Bill Payne – akustisk piano, elektrisk piano, hammond organ, harmonium Herb Pedersen – banjo, vokalarrangement Leland Sklar – akustisk bass John Starling – akustisk gitar, akustisk rytmegitar, musikalsk rådgjevar Brice Martin – fløyte James SK Wān – bambusfløyte Marty Krystall – klarinett Ilene «Novi» Novog – bratsj Jodi Burnett – cello Dennis Karmazyn – cello David Campbell – orkestrering og dirigent Charles Veal – konsertmeister George Massenburg – produsent, innspeling Liza Edwards – produksjonskoordinator Sharon Rice – lydteknikarassistent Doug Sax – analog og digital mastering Kosh Larson – kunstnarisk leiar, design Ron Larson – kunstnarisk leiar, design Robert Blakeman – fotografi
Salslister Album Liste (1987) Plassering Australia (Kent Music Report)4 Canadian Top Albums (RPM) 4 Swedish Albums (Sverigetopplistan) 29 UK Albums (OCC) 60 US Top Country Albums (Billboard) 1 US Billboard 200 6
Singlar Tittel År Plassering USCountry USACCANCountry «To Know Him Is to Love Him» 1987 1 — 1 «Telling Me Lies» 3 35 6 «Those Memories of You» 5 — 1 «Wildflowers» 1988 6 — 8
Salstrofé
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Trio (Dolly Parton, Linda Ronstadt and Emmylou Harris album)» frå , den 19. november 2020.
Kategori:Musikkalbum frå 1987 Kategori:Emmylou Harris-album Kategori:Dolly Parton-album Kategori:Linda Ronstadt-album Kategori:Warner Bros. Records-album Kategori:Samarbeidsalbum Kategori:Album produserte av George Massenburg