University of Queensland (UQ) er eit universitet med hovudsete i Brisbane i Australia og er det eldste universitetet i delstaten Queensland. UQ er medlem av Australias «Group of Eight»-universitet og dessutan medlem av den internasjonale Universitas 21-organisasjonen.

Universitetet blei skipa 10. desember 1909. I 1930 kjøpte ein området St. Lucia ved Brisbaneelva og etablerte hovudsetet der. Det opphavlege universitetsområdet i sentrum av Brisbane er no eit universitetsområde for Queensland University of Technology. I tillegg til å ha tilhald i Brisbane, har UQ òg etablert seg andre stadar. Dette er UQ Ipswich og UQ Gatton.

Koronavirus-vaksinearbeid Den 7. september 2020 inngjekk universitetet og CSL Limited ein samarbeidsavtale med dei australske styresmaktene om sin koronavirus-vaksinekandidat V451.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «University of Queensland» frå , den 6. desember 2020.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Universitet i Australia Kategori:Queensland Kategori:Skipingar i 1909