Peggy Anita Hessen Følsvik () er ein norsk fagforeiningsleiar som frå mars 2021 til mai 2025 var leiar av LO.
Ho vart vald til 1. nestleiar i LO på LO-kongressen i 2017. Ho vart fyrst konstituert som leiar etter at den dåverande LO-leiaren Hans-Christian Gabrielsen døydde brått. Følsvik vart seinare valt til å leia organisasjonen fram til 2025.
Karriere Følsvik voks opp på eit småbruk på Vigra i Giske kommune. Ho viste lita interesse for gardsarbeid og fekk sumarjobb på Ålesund lufthamn, Vigra, og melde seg samstundes inn i fagforeininga Handel og Kontor. Ho fór så til Volda, der ho byrja på engelsklinja ved Volda vidaregåande skule og fekk deltidsjobb ved flyplassen på Hovden. Ho fekk dinest jobb som kabinpersonale i Widerøes Flyveselskap, før ho flytta med sin komande ektemann til Nederland.
Dei flytta dinest heim til Bærum i Noreg. Følsvik fekk jobb i Braathens SAFE, der ho vart heiltidstillitsvald i 1998. I 2001 vart ho sentral i kampen for rettane til dei tilsette, då Braathens SAFE vart kjøpt opp av SAS. Igjennom fleire års arbeid i rettssystemet med tap i både tingretten og lagmannsretten vann LO fram, då saka vart ført for Høgsterett. Den 31. januar 2006 vann LO fram etter ein samrøystes dom.
Følsvik var under tida valt til nestleiar i Handel og Kontor i Noreg i 2004 og var 1. sekretær i LO frå 2013 til 2017.60 års omtale i Aftenposten 12. november 2020Terje Holtvedt: Etterfølgeren - Portrettintervju med Peggy Hessen Følsvik i Aftenposten/Lørdag 10. april 2021 I perioden mellom 2017 og 2021 var Følsvik fyrste nestleiar i LO.Dag Eivind Undheimn Larsen: Forhandleren - Portrettintervju i Klassekampen 6. mars 2021 I 2017 vart ho valt som nestleiar i LO med Hans-Christian Gabrielsen som leiar. Etter at Gabrielsen døydde i 2021, har ho leia LO.
Følsvik er gift med Håvard Garseth, CEO i Aker Energy. Dei er busette i Bærum og har to vaksne døtrer.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Peggy Hessen Følsvik» frå , den 17. september 2023.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå Giske Kategori:LO-leiarar