Tatarstan er ein republikk i Russland, og eit av dei russiske føderasjonssubjekta. I 2021 hadde republikken 3 894 120 innbyggjarar. Hovudstaden er Kazan, og sidan 2010 har Rustam Minnikhanov vore president.
Geografi Tatarstan ligg på den aust-europeiske sletta, om lag 800 kilometer aust for Moskva. Elvene Volga og Kama møtest her. Andre store elver er Belaja og Vjatka, som begge renn ut i Kama. Republikken strekkjer seg 290 kilometer frå nord til sør, og 460 kilometer frå aust til vest. Han er 67 836 km², og er omtrent like stor som Innlandet og Buskerud til saman. Landskapet er hovudsakleg flatt, med nokre låge høgdedrag. 90 % av arealet ligg under 200 meter over havet. Omtrent 16 % er skogkledd.
Klimaet er kontinentalt, middeltemperaturen er –14 grader celsius i januar og 19 grader celsius i juli.
Republikken har store oljeressursar.
Folkesetnad Dei største byane i Tatarstan er hovudstaden Kazan (1 144 000 ibuarar), Naberezjnyje Tsjelny (513 200), Nizjnekamsk (234 000) og Almetjevsk (146 400)."Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010
Majoritetsbefolkninga er tatarar, men russarane utgjer ein stor minoritet. Offisielle språk er russisk og tatarsk. Ved folketeljinga i 2010 var den etniske samansetjinga: Tatarar: 53,2 % Russarar: 39,7 % Tsjuvasjar: 3,1 %
Merknader
Kjelder
Bakgrunnsstoff
* Kategori:Republikkar i Russland Kategori:Russiske føderasjonssubjekt