Sinotibetanske språk er ein språkfamilie som femner over 350 språk i det austlege Asia. Berre indoeuropeiske språk har fleire talarar.

Familien kan delast inn i desse språkgruppene:

Sinittiske språk, som omfattar kinesiske språk Tibetoburmesiske språk, som igjen vert delte inn i tibetanske og burmesiske språk

Mange av dei sinotibetanske språka er tonale. Dei fleste kinesiske språka er analytiske språk (bygde opp av einstavingsord) medan mange tibetanske språk er agglutinerande.

Kategori:Språkfamiliar *