120-dagars vinden (farsi باد صد و بیست روزه) er ein kraftig sommarvind som bles frå seint i mai til seint i september aust og søraust på Det iranske platået. Han vert kalla 120-dagarsvinden fordi han bles kontinuerleg i fire månadar. Den vanlege vindstyrken er 8-11 m/s (frisk bris), men kan ein sjeldan gong nå 27-30 m/s (sterk storm). Vindretninga er forholdsvis konstant. 120-dagarsvinden er ein av to kjende vindsystem i Iran. Den andre er sjamal.

Vinden spring ut frå dei sentrale ørkenane i Iran og bles mot Sistan og Balutsjistan. Han er varm og fører med seg slipande sand og partiklar. Denne vinden i samband med høge temperaturar fører til intens fordamping av vatn i Sistan.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Wind of 120 days» frå , den 6. mars 2021. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Miljø i Iran Kategori:Iransk geografi Kategori:Vindar