Eleni Foureira eller Eléni Fouréira () er ein gresk songar, dansar og skodespelar. Ho byrja musikkarrieren sin i 2007 som medlem av den greske jentegruppa Mystique. I 2010 innleidde ho solokarrieren sin og har gjeve ut ei rekkje singlar som har selt bra i Hellas og på Kypros. Ho har òg vunne fleire musikk- og bransjeprisar. Fouréira representerte Kypros i Eurovision Song Contest 2018, der ho kom på andreplass med songen «Fuego».
Bakgrunn Fouréira vart fødd av albanske foreldre i Fier i Albania, men på grunn av den albanske borgarkrigen i 1997 flykta familien og busette seg i nabolandet Hellas. Fouréira vaks opp i Kallithea kommune ved Athen, og ho vart tidleg musikkinteressert. Allereie som barn lærte ho å spela gitar og dreiv med teater i tre år.
Fouréira vart kjend for eit større gresk publikum i 2007, då ho var medlem i gruppa Mystique. I 2009 gjekk medlemmane kvar til sitt, og Fouréira byrja på solokarrieren sin og fekk platekontrakt med Universal Music i Hellas. I 2010 gav ho ut debutalbumet Eléni Fouréira som nådde platinastatus i Hellas, og ho følgde opp med to nye album, Ti poniro mou zitas og Anemos agapis, i 2012 og 2014 på selskapet Minos EMI. Begge albuma vart godt motteke i Hellas og på Kypros. I 2015 bytta ho igjen plateselskap til Panik Records, der ho gav ut sit fjerde album, Vasilissa, i 2017.
Eurovision Song Contest Fouréira har gjort fleire forsøk på å deltake i Eurovision Song Contest for både Hellas og Kypros. I 2010 deltok ho i den greske finalen, saman med Manos Pyrovolakis og songen «Kivotos tou Noko». Dei kom på andreplass bak vinnaren Jórgos Alkaíos og songen «OPA!». Under den greske finalen i 2013, framførte ho ein versjon av den ukrainske vinnarsongen frå 2004, «Wild Dances».
I 2016 og 2017 sende Fouréira inn bidrag til den greske kringskastaren ERT, men den greske kringkastaren avslo begge bidraga og valde i staden andre artistar og songar til å representere landet.
I februar 2018 stadfesta den kypriotiske kringskastaren RIK at Fouréira skulle representere Kypros i Eurovision Song Contest 2018 i Lisboa. Fouréira deltok med songen «Fuego», skriven av den svensk-greske låtskriveren Alexander Papaconstantinou. Den enda på ein andreplass i finalen, den beste plasseringa til Kypros i Eurovision Song Contest sidan debuten i 1981.
Diskografi
Album
2010 – Eleni Foureira 2012 – Ti poniro mou zitas 2014 – Anemos agapis 2017 – Vasilissa
Singlar (utval)
2011 – «Simadia» (med Panagiotis Petrakis) 2011 – «Reggaeton» 2012 – «Fotia» (med NEVMA) 2013 – «Radevou stin paralia» (med Marios Brasil) 2015 – «Ladies» 2015 – «Stod theo me pai» (cover av Nadav Guedjs «Golden Boy», Israels Eurovision-bidrag i 2015) 2015 – «Pio dinata» 2016 – «Delicious» 2017 – «Vasilissa» 2018 – «Fuego»
Referansar
Denne artikkelen bygger på «Eléni Fouréira» frå , den 19. mars 2021.
Kategori:Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Greske songarar Kategori:Kypriotiske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2018-deltakarar