Lake Malawi er eit tsjekkisk indie pop-band frå Třinec i Tsjekkia og vart skipa i 2013. Bandet består av hovudvokalist, gitarist og keyboardist Albert Černý, bassist og keyboardist Jeroným Šubrt og trommeslagaren Antonín Hrabal. Lake Malawi vart skipa av Černý, etter at han forlét sitt førre band, Charlie Straight. Debut-EP-en We Are Making Love Again vart sloppen i 2015, etterfulgt av debutalbumet Surrounded by Light i 2017. Gruppa representerte Tsjekkia i Eurovision Song Contest 2019 med songen «Friend of a Friend», der dei kom på ellevteplass i finalen.
Bakgrunn Lake Malawi vart skipa av frontfigur Albert Černý etter at hans førre band, Charlie Straight, vart oppløyst september 2013. Bandnamnet Lake Malawi er inspirert av songen «Calgary» av Bon Iver, frå bandet sitt selvtitulerte album frå 2011. Gruppa gav seinare ut debutsingelen «Always June» i 2014, og framførte han live under eit intervju med BBC London. I 2014 opptredde Lake Malawi ved fleire store tsjekkiske musikkfestivalar som Colours of Ostrava og Rock for People, og dessutan The Great Escape Festival i Storbritannia. I 2015 gav gruppa ut sin første EP, We Are Making Love Again. Lake Malawi har vore oppvarmingsband for fleire internasjonale artistar som har hatt konsertar i Praha, blant andre The Kooks, Mika og Thirty Seconds to Mars. I 2016 forlét trommeslagar Pavel Palát bandet og vart erstatta av Antonín Hrabal.
I 2017 slapp Lake Malawi debutalbumet Surrounded by Light på eige merke. To singlar vart utgjeven frå albumet, tittelsporet «Surrounded by Light» og songen «Paris», som begge tok seg inn på hitlisten Rádio – Top 100 i Tsjekkia. Hovudgitarist Patrick Karpentski forlét bandet seint i 2017.
I 2019 vart Lake Malawi vald til å representere Tsjekkia i Eurovision Song Contest med songen «Friend of a Friend».
Medlemmar
Albert Černý (2013–) – vokal, gitar, keyboard Jeroným Šubrt (2013–) – bass, keyboard Antonín Hrabal (2016–) – trommar
Tidlegare
Pavel Palát (2013–16) – trommar Patrick Karpentski (2013–17) – gitar
Diskografi
Studioalbum
Surrounded by Light (2017)
EP
We Are Making Love Again (2015)
Singlar SingelÅrHøgaste listeplasseringAlbum eller EPTSJ«Always June»201434 rowspan="1" «Chinese Trees»25We Are Making Love Again«Aubrey»2015—«Young Blood»—«We Are Making Love Again»201643«Prague (In the City)»2017—Surrounded by Light«Surrounded by Light»64«Not My Street»— rowspan="1" «Bottom of the Jungle»—Surrounded by Light«Paris»85«Spaced Out»2018—«Friend of a Friend»2019— rowspan="1"
Referansar
Denne artikkelen bygger på «Lake Malawi (band)» frå , den 25. mars 2021.
Kategori:Tsjekkisk musikk Kategori:Musikkgrupper skipa i 2013 Kategori:Tsjekkiske musikarar Kategori:Tsjekkiske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2019-deltakarar