The Breakfast Club er ein amerikansk dramakomedie og ungdomsfilm frå 1985 regissert og skriven av John Hughes. Filmen handlar om fem elevar på ein amerikansk high school som må vera på skulen ein laurdag, som straff for diverse tildragingar. Dei er svært ulike, men i løpet av dagen oppdagar dei at dei har meir til felles enn dei ante på førehand. Dei leiande rollene blir spelte av Emilio Estevez, Anthony Michael Hall, Judd Nelson, Molly Ringwald og Ally Sheedy.
Filmen blei ein stor publikumssuksess i USA, men gjorde det mindre godt i utlandet.
Handling Filmen handlar om fem amerikanske high school-elevar som må bera ein laurdag på skulen som straff for ulike feil. Dei fem består av idrettstjerna Andrew, pøbelen John, nerden Brian, den alternative og nevrotiske Allison og den vakre Claire (alle dei klassiske high school-personlegdomane). Alle har på kvar sin måte gjort seg fortent til å sitja igjen, til alt overmål på ein laurdag formiddag. Dei har ikkje noko til felles og likar heller ikkje kvarandre, men i løpet av dagen blir alle psykologiske og menneskelege barrierane brotne, og nyansane og alle dei individuelle trrekka deira kjem fram. Utover dagen oppstår det ein slag solidaritet mellom dei, og når dagen er over går alle derfrå med eit meir nyansert syn på livet.
Om filmen
Popularitet og økonomi Breakfast Club tente inn 51,5 millionar dollar på verdsbasis, 45,9 millionar av dei i USA åleine. Han var den 16. mest innbringende filmen på amerikansk kino i 1985.
Produksjonskostnadene var på rundt éin million dollar.
Prisar og utmerkingar I 2016 vedtok amerikanske National Film Preservation Board at filmen var viktig nok til å lagrast i National Film Registry.
Tittelmelodien til filmen, «Don't You (Forget About Me)» av Simple Minds, blei særs populær og nådde blant annan førsteplassen på Billboard-lista i 1985.
I rollene
Judd Nelson: John Bender, pøbelen Molly Ringwald: Claire Standish, den pene Emilio Estevez: Andrew Clark, idrettstjerna Anthony Michael Hall: Brian Ralph Johnson, nerden Ally Sheedy: Allison Reynolds, den alternative og nevrotiske Paul Gleason: Assisterande rektor Vernon John Kapelos: Carl Reed Ron Dean: Far til Andrew
Referansar
Denne artikkelen bygger på «The Breakfast Club» frå , den 1. april 2021.
Kategori:USA på film Kategori:Engelskspråklege filmar Kategori:Filmar frå 1985