mini|Skurtreskar: New Holland TX62 Ein skur(d)tresk(j)ar er ei maskin som slår, tresker og reinskar korn. Tidlege skurtreskarar vart dregne av hestar, og seinare traktorar (slepetreskarar), men i dag er skurtreskarar utstyrte med eigen motor og er sjølvgåande.

Oppbygging

500px|venstre|Skjematisk teikning av skurtreskar Forklaring 1 Haspel 11 Oversoll 2 Knivbjelke 12 Undersoll 3 Skjerebordskrue 13 Returskruv 4 Loelevator 14 Returelevator 5 Steinkasse 15 Kornskruv 6 Slagar 16 Korntank 7 Slagbru 17 Halmkuttar 8 Halmristarar 18 Førarhus 9 Kornplate 19 Motor10 Vifte Skjematisk teikning av skurtreskar. Skjerebordet mini|Skurtreskar: Claas Lexion 570 mini|Skjerebordet, med haspel, knivbjelke og skjerebordskruv (Claas). Ein skurtreskar er utstyrt med eit skjerebord i fronten, som skjer av kornaksa og fører dei inn i treskeverket. Aksa vert skorne av med ei knivbjelke (2) som går over heile breidda på skjerebordet. Knivbjelken er i grove trekk av same slag som på slåmaskiner, men i staden for glatte knivar vert det som oftast nytta rifla knivar. Knivstonga går att og fram med om lag 500 dobbeltslag per min.

Over knivbjelken ligg det ein roterande haspel («kornhaspelen») (1), utstyrt med lister som tek tak i aksa og legg dei i same retning inn på skjerebordet. Forutan posisjonen til haspelen er rotasjonsfarten, i høve til køyrefarten, med på å avgjera om stråa vert mata inn med aksenden eller rotenden fyrst. I ståande åker er høgda på haspelen stilt slik at listene tek tak i stråa under aksa og periferifarten til haspelen er så stor at loa (dei avskorne aksa) vert lagd med aksenden fyrst innover.

I kraftig legde (liggande åker) er det ofte naudsynt å stilla haspelen framom og lågare enn knivbjelken for å få tak i stråa, noko som fører til at loa verta mata inn med rotenden fyrst. Periferifarten til haspelen må òg vera mindre enn køyrefarten når stråa skal matast inn med rotenden fyrst.

På dei fleste skurtreskarane er skjerebordet mykje breiare enn treskeverket, så det er naudsynt å føra loa saman til same breidd som loelevatoren, som fører loa inn i treskeverket. Denne samlinga vert utført av skjerebordskruven (3), som på europeiske skurtreskarar er plassert i ein avstand på litt under ein meter frå knivbjelken. I Nord-Amerika er akslengda ofte kortare enn i Europa, og nordamerikanske maskiner har ofte mindre avstand mellom knivbjelken og skjerebordskruven.

For at skjerebordet skal halda rett høgd er det fjørande opphengt, slik at berre ein liten del av vekta (under 500 N) kviler på åkeren. Krafta som kviler på åkeren, vert teken opp av skjener plasserte under skjerebordet. Nokre moderne skurtreskarar er utstyrte med meir avansert høgderegulering som held skjerebordet beint over åkeren òg når maskina står skrått fordi drivhjula går over ujamnheiter i åkeren.

Treskeapparatet mini|Dronevideo av skurtreskjar frå 2022

Frå loelevatoren vert loa ført over ein «steinkasse» (5), før ho vert ført inn i treskeapparatet, som på dei fleste skurtreskararane består av ein sylinderforma trommel, kalla «slagar» (6), eller «slagsylinder» med 6 til 8 rifla slagstål. Slagaren er plassert i stutt avstand frå «slagbrua» (7), slik at kjernane vert slegne og gnidde laus frå aksa når loa passerer mellom slagaren og slagbrua. Slagståla på slagaren har skråstilte rifler, med annakvart slagstål rifla mot høgre og venstre, slik at loa ikkje vert tvinga til eine sida. Slagbrua har tverrgåande slaglister og bua har stålstenger parallelt med rotasjonsretninga til slagaren. Diameteren til slagaren varierer frå 45 cm til ca. 60 cm, men det finst døme på slagarar med opp til 80 cm diameter.

Periferifarten til slagaren er avhengig av kornslag, modningsgrad, fuktigheit, osv. For kornslag som bygg, kveite og rug bør periferifarten vera rundt 28 til 30 m/s, og for havre på 18–22 m/sHeir, J.A., Skurtreskere og skurtresking, Landbruksforlaget, 1998.. Ved tresking av engfrø høver det med ein periferifart på 18–20 m/s og for erter rundt 15 m/s. Ein slagar med liten diameter får difor større rotasjonsfart enn ein slagar med stor diameter. Stor slagardiameter gjer slagbrua lengre, noko som er ein føremon når loa er fuktig. Men ei lang bru kan òg føra til meir knusing av halmen, slik at belastninga på det etterfylgjande reinskeverket aukar. Når diameteren på slagaren aukar, aukar òg treigheitsmomentet, og slagaren får jamnare gang ved ujamn innmating.

Avstanden mellom slagaren og slagbrua er om lag to til tre gonger så stor i framkant som i bakkant og kan stillast inn frå førarplassen. Optimal avstand er avhengig av kornslag, modningsgrad, fuktigheit, osv. Avstanden bør ikkje vera mindre enn diameteren på kjernane; så for bygg, havre og rug bør avstanden i bakkant av brua ikkje vera mindre enn 4 til 5 mm. Ved for dårleg uttresking bør ein starta med å redusere avstanden mellom slagar og slagbrua og berre auka turtalet på slagaren om dette ikkje er nok. Det er viktig at slagbrua ikkje er tetta til med jord eller andre framandlekamar, ettersom dette fører til auka kjernetap ved at meir kjernar vert kasta ut på halmristarane.

Oppgåva til steinkassa er å samla opp stein som fylgjer med loa, slik at treskeapparatet ikkje vert skadd. Steinen dett ikkje alltid ned i steinkassa av seg sjølv, men når han treffer slagaren, vert han oftast slegen gjennom loa og ned i steinkassa. Når føraren høyrer at stein vert slegen ned i steinkassa, er det viktig at han stoggar og tømmer ut steinen med ein gong, slik at det vert plass til eventuelle nye steinar. Føraren bør òg syta for at det ikkje ligg jord i steinkassa, noko det ofte vert slurva med. Stein som kjem inn mellom slagar og slagbru, kan gjera stor skade. For at slagaren skal vera i balanse, bør slagståla bytast ut parvis, og slagaren bør helst avbalanserast på nytt.

I bakkant av slagbrua er det eit gitter, «bruforlengaren»,som slepper gjennom lausslegne kjernar. Bak bruforlengaren er «halmtrommelen» (ikkje vist i figuren) plassert. Han har ei sylindrisk utforming med taggar på overflata, er plassert over halmstrengen, og roterer i motsett retning av slagaren. Halmtrommelen har som oppgåve å hindra at halmen viklar seg rundt slagaren og å endra retning på halmen ned mot bruforlengaren og fremre del av halmristarane. Halmtrommelen kan òg i nokon grad treske ut attsittande kjernar.

Halmristarane Når halmen kjem ut frå treskeverket, vert han kasta inn på halmristarane (8), som har til oppgåve å rista ut kjernar som er att i halmen, samtidig som dei transporterer halmen bakover og ut av skurtreskaren. Dette vert gjort ved at halmristarane er opphengde på veivakslar som set dei i både horisontal og vertikal rørsle, slik at halmen vert ført bakover. Ristefrekvensen varierer frå rundt 170 til 280 o/min. For å sikra at halmen vert ført bakover, er halmristarane utforma som trappetrinn, og for å sikra jamnare fordeling av halmen er dei oppdelte i frå 3 til 5 separate «ristekassar». Kjernane som fell gjennom ristarane, vert samla opp i botnen på kvar ristekasse og ført framover til reinskeverket.

Om ristarane vert overbelasta, blir halmstrengen tjukkare, og fleire kjernar vert med halmen ut av treskaren. Det er vanleg at 80 til 90 % av kjernetapet kjem frå halmristarane. Ved tresking i sidehelling vil halmen samla seg opp i nedre side, slik at halmlaget vert tjukkare og tapet aukar. I nedoverbakke vil òg halmlaget verta tjukkare, fordi halmristarane arbeider i motbakke. Men om føraren set ned farten, treng ikkje dette å føra til auka tap. Ved køyring i motbakke vert halmristarane horisontale eller får nedoverhalling, slik at farten på halmen aukar. Dette kan føra til at ikkje alle kjernane vert rista ut. Dei fleste skurtreskarane har halmbremser, utforma som stålplater, eller gummiduk, som heng med over halmristarane. Desse skal redusere farten halmen har ut frå treskeapparatet (farten på halmen er om lag 1/3 av periferifarten til slagaren) og hindra at lause kjernar vert kasta for langt bakover.

Reinskeverket mini|Undersida av halmristarane og solla i reinskeverket. Kjernane som dett gjennom slagbrua vert transporterte bakover til reinskeverket av kornplata (9), som er utforma som eit trappetrinnsforma plate som er opphengte i dei fire hjørna og set i rørsle av ein veivaksel. Den kombinerte vertikale og horisontale rørsla fører «dråsen» (kjernar, agner og halmbitar) bakover, samtidig som materialet vert sortert ved at dei tyngre kjernane legg seg på botnen og dei lettare agnene hamnar på toppen.

Dråsen frå kornplata og kjernar frå halmristarane hamnar så på ein forsoll (ein forlenging av kornplata), for så å verta ført inn på oversollet (agnsollen) (11), som grovreinskar dråsen for agner og halmbitar. Reinskinga vert utført ved at vifta (10) bles luft opp gjennom opningar i oversollet, slik at agner og halmrestar fyk bakover og ut av maskina. Dei tyngre kjernane dett gjennom oversollet og ned på undersollet (12).

I bakkant av oversollet er det plassert ei rist, kalla «retursoll», som fangar opp kjernar som enda sit fast i bitar av akset og kjernar med snerp. Bak retursollet sit «oppfangarplata», som har til oppgåve å fanga opp kjernar som vert kasta bakover. Oppfangarplata er som oftast justerbar i høgda. Det som fell gjennom retursollet dett ned i eit traktforma røyr, med ein transportskruv som fører returmassen ut til sida, der ein returelevatoren (14), fører returmassen tilbake til treskeverket eller i somme tilfelle til kornplata. Ved dårleg uttresking, snerp, o.l., er det ein føremon at returmassen vert ført tilbake til treskeverket, med dette fører samstundes til meir skadar på kjernane. På nokre skurtreskarar er returelevatoren plassert i nærleiken av førarplassen og har ei luke, slik at føraren kan ta ut prøvar av returmaterialet og slik danna seg eit bilete av korleis treskaren arbeider.

Undersollet (12) ligg under oversollet og har som oppgåve å finreinska kornet før det vert ført til korntanken. Reinskinga går føre seg ved at luft vert blåse opp gjennom opningane i sollet og tek med seg det som er att av agner og anna rusk. Kornet vert transportert på same måte som på oversollet, ved att sollet vert rista av veivakslingar. For å redusere vibrasjonen i treskaren er rørslene til undersollet i motfase med rørslene til oversollet. Når kornet dett ned frå enden av undersollet vert det ført ut til sida av ein kornskruven (15) og over i ein elevator (ikkje vist i figuren) som fører det opp i korntanken (16).

Det er viktig at luftstraumen gjennom solla har høveleg fart. Om farten er for stor fører det til tap på grunn av at kjernar vert blåsne ut saman med agnene og om farten er for liten vert kornet dårlegare reinska. Turtalet på vifta må difor justerast etter korntype, fuktigheit osv. Vifta er difor som oftast utstyrt med trinnlaus regulering av turtalet ved hjelp av ein kilereimvariator. Storleiken på hola i solda må stå i høve til diameteren på kjernane, så det kan vera naudsynt å bytta soll når ein skal treske ulike korntypar, grasfrø, oljevestar og liknande.

Korntanken På dei fyrste skurtreskarane vart kornet fylt i sekker. Frå reinseverket førte ein elevator kornet til ein sekkefyllar og ein person på ei plattform sytte for å knyta for på bytta sekker etter som dei vart fylt opp. Dei fulle sekkene vart lagt att på åkeren, for å verta samla opp etterpå. Men ut på 1950-talet vart det vanleg å føra kornet opp i ein oppsamlingstank. Når tanken er full, vert den via ein kornskruv, tømt direkte i ein traktortilhengar, lastebil eller konteinar. Det er vanleg at ein traktor med tilhengar køyrer ved sida av skurtreskjaren under tømming, slik at treskinga kan halda fram under tømminga.

Motor og drivverk