Aleksandr Sergejevitsj Jakusjev () er ein russisk tidlegare ishockeyspelar frå Balasjikha i Moskva oblast. I tida 1969-83 vann han sju VM-gull og to OL-gull for Sovjetunionen.

Jakusjev vart verdsmeister fyrste gongen i 1967, 12 år seinare var han med om å vinne sin sjuande VM-tittel. Både frå Vinter-OL 1972 og Vinter-OL 1976 reiste han heim som olympisk meister. I tillegg vann han to VM-sølv og ei VM-bronse.

Venstrevengen Jakusjev spelte på Spartak Moskva frå 1964 til 1980 og danna over mange sesongar ei frykta fyrsterekke i lag med Vladimir Sjadrin og Aleksandr Martinjuk. Han vart sovjetisk seriemeister 1967, 1969 og 1976 og cupmeister i 1970 og 1971. Frå 1980 til han la opp som aktiv i 1983 gjorde han teneste i austerrikske Kapfenberg.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Alexander Sergejewitsch Jakuschew» frå , den 3. april 2021.

Kategori:Sovjetiske ishockeyspelarar Kategori:Russiske ishockeyspelarar Kategori:Olympiske medaljevinnarar i ishockey Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1972 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1972 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1976 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1976