Carlos Alberto Tévez () er ein argentinsk fotballspelar som spelar for den engelske klubben Manchester City. Han slo gjennom hjå klubben Boca Juniors og har sidan vore innom både Corinthians og engelske West Ham United. Sommaren 2007 blei Tévez si kontrakt med West Ham kansellert, og spelaren blei dermed kontraktslaus. Han gjekk då til storklubben Manchester United
Tévez debuterte for Boca Juniors i oktober 2001, og spelte for laget til og med 2004. I desember same år underteikna han ei femårskontrakt med den brasilianske fotballklubben Corinthians. Sommaren 2006 vart Tévez seld til West Ham United.
Han storspela for Argentina sitt landslag då dei vann fotballturneringa under OL 2004 i Athen. Han scora seks mål på seks kampar og vart toppscoraren i turneringa.
Den 1.mai 2009 annonserte Tevez at han mest sannsynleg kom til å spele fotball for eit anna lag enn Manchester United neste sesong. Truleg var grunnen til det, at han ikkje følte seg verdsett i United og at manageren deira, Alex Ferguson, ikkje ville tilby han ei ny kontrakt. Det vart sett som mest sannsynleg at han ville gå til ein av Uniteds to argaste rivalar, Manchester City eller Liverpool. Det enda opp med å bli Manchester City. Han vart City sin toppskårar i Premier League i 2009/10-sesongen med 22 seriemål.
Kategori:Argentinske fotballspelarar Kategori:Folk frå Buenos Aires Kategori:Boca Juniors-spelarar Kategori:West Ham-spelarar Kategori:Manchester United-spelarar Kategori:Manchester City-spelarar Kategori:Corinthians-spelarar