Kristján Mímir Kristjánsson () er ein norsk politikar, journalist og forfattar frå Stavanger.- Hallgeir Opedal: Mimir Kristjánsson - Portrettintervju i Aftenposten/Lørdag 22. mai 2021 Sidan 2021 har han vore stortingsrepresentant frå Rogaland for Raudt.

Bakgrunn Kristjánsson vaks opp i Stavanger med islandsk far og norsk mor. Han fullførte vidaregåande skule ved Stavanger katedralskole. Han flytta til Oslo for å starte studiar i samfunnsøkonomi, men studiane blei avbrotne.

Politisk verksemd I perioden 2004–2006 var Kristjánsson medlem av sentralstyret i Raud Ungdom. Kristjánsson var saman med Magnus Marsdal og òg sentral i utviklinga av Raud Ungdom sin strategi og i utviklinga av det ideologiske grunnlaget fram mot landsmøtet i 2006.

Kristjánsson var leiar i Raud Ungdom 2006–2008Sosialisme.no: Nyvalgt leder Mimir Kristjansson og var medlem av arbeidsutvalet i Raudt i perioden 2008–2010. Han har òg arbeidd som journalist i Klassekampen og har vore redaktør for Manifest Tidsskrift.

Før Kristjánsson blei medlem av Raud Ungdom, var han mellom anna leiar for AUF-laget i Stavanger.Revolusjonens røst har siddisdialekt «Tidligere leder av Stavanger AUF. Nå leder av Rød Ungdom på heltid.»

Frå hausten 2019 er Kristjánsson medlem av bystyret i Stavanger, der han er leiar for utvalet for arbeidsliv og løn.

Kristjánsson har markert seg med hyppig aksjonsverksemd. Saman med Torstein Tvedt Solberg starta han Folkeaksjonen mot krig. Han har òg sete i leiinga i Attac (2004–2005)Attac.no: Aksjonisme og frukt «Mimir Kristjansson er medlem av Attac Rogaland og styremedlem i Attac Norge.» og i arbeidsutvalet til Globaliseringskonferansen.

Han fekk betydeleg merksemd i media då han forstyrra landsmøtet til Kristeleg Folkeparti i 2004, i det Raud Ungdom kalla ein «aksjon mot homofobi».Ballettdansende rebell «Mimir Kristjansson fra Rød Ungdom i Stavanger både overrasket og irriterte da han tok seg opp på talerstolen på KrF sitt landsmøte i Bergen sist helg i en aksjon mot homofobi.» Før og etter demonstrasjonen mot NATO-toppmøtet som fann stad i Oslo i april 2007, kom han i konflikt med mellom andre Blitz.

I 2020 blei han utnemnd som medlem av regjeringa sin ytringsfridomskommisjon.

Kristjánsson har arbeidd i Norsk faglitterær forfattarforeining med formidling av sakprosa til skuleverket.Artikkel i NFF-bulletin, se side 3

Journalistikk og forfattarskap Som journalist jobba Kristjánsson særleg som politisk journalist. I ein artikkelserie i 2018 reiste han den same togreisa som Lenin gjorde i 1917, og skreiv historiske reiseskildringar frå Austerrike, Tyskland, Sverige, Finland og Russland.

Kristjánsson har gjeve ut ni bøker, mellom anna på forlaga Kagge og Manifest.

2011: De superrikeFra vaskeseddel for boka hos Forlaget Manifest; besøkt 11. oktober 2011. 2013: Slik blir du superrik 2016: Frihet, likhet, Island 2018: Hva ville Gerhardsen ha gjort 2018: I Lenins togspor 2019: Rosa Luxemburg - en biografi 2019: Mamma er trygda 2020: Martin Tranmæls metode 2021: Jon Michelet: En folkets helt 2024: Hjelp, de drar til Sveits! – Milliardærenes makt over Norge, med Sofie Marhaug 2024: Pabbi – En familiesaga om drukkenskap 2025: Make Norge greit igjen : Et manifest for å gjenreise Annerledeslandet

Privatliv Mímir Kristjánsson var sambuar med Mathilde Holdhus, som han har to barn med. I 2022 bekrefta han at dei hadde skilt lag året før.

Kristjánsson er sambuar med stortingsrepresentant for Raudt frå Hordaland, Sofie Marhaug.

I eit intervju med Thomas Seltzer på programmet Trygdekontoret i 2016 sa Kristjánsson at han hadde eit vanskeleg forhold til alkohol,«En hyllest til fylla» i Trygdekontoret på NRK. og han har stadfesta det fleire intervju i ettertid.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Aksjon mot homofobi Portrettintervju på nrk.no De superrike

Kategori:Stortingsrepresentantar for Rogaland Kategori:Stortingsrepresentantar frå Raudt Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Stortingsrepresentantar 2025-2029 Kristjansson, Mimir Kategori:Raudt-politikarar Kategori:Folk frå Stavanger