mini|Minnesmerke over prost Hiorthøy utanfor Sødorp kapell på Vinstra Hugo Friderich Hiorthøy () var ein norsk prest og forfattar.
Hiorthøy var fødd på Klepp på Jæren. Han tok embetseksamen i København i 1764. Året etter var han huskapellan hjå presten i Flesberg. I 1769 blei han med på ein ekspedisjon til Algerie. Deretter blei han prest i Skien. I 1775 blei han prest i Fron, og året etter blei han prost i Gudbrandsdalen.
Medan han var i Fron skreiv Hiorthøy Physisk og Ekonomisk Beskrivelse over Gulbransdalen Provstie i Aggershuus Stift i Norge, eit av dei beste topografiske verka frå 1700-talet. Seinare blei han prest ved Nykirken i Bergen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hugo Friderich Hiorthøy» frå , den 19. april 2021. oppgav desse kjeldene:
Ivar Kleiven Gamal Bondekultur i Gudbrandsdalen: Fronsbygdin, Oslo 1930
Verk
Kategori:Norske lutherske prestar Kategori:Folk frå Klepp Kategori:Sør-Fron kommune Kategori:Utdanna ved Københavns Universitet