Finnås kommune omfatta frå 1838 til 1916 det som i dag er Bømlo kommune, og fram til 1852 også Sveio kommune. 1. juli 1916 vart kommunen delt i tre kommunar, Moster, Bømlo kommune og Bremnes. Finnås var namnet på prestegarden til Finnås prestegjeld, med gardsnummer 6. Her låg og kommunesenteret. Stadnamnet er òg å finna i Finnås Kraftlag og Finnås sportsklubb.
I daglegtalen omfattar Finnås anten den vesle tettstaden ved Kulleseidkanalen, eller eit område som strekkjer seg om lag frå Sakseid i nord til Lykling og Børøy i sør.
Kjelder
Kategori:Gardar på Bømlo Kategori:Tidlegare kommunar i Hordaland Kategori:Norske stadnamn Kategori:Tettstader i Vestland