Den 26. runden i Tippeligaen 2000 vart gjennomført med Molde-Rosenborg laurdag 21. oktober og resten av kampane sundag 22. oktober. Rosenborg, som alt hadde vunne serien, spelte berre 1-1 borte mot Moss. Brann og Viking hadde like mange poeng på andre og tredjeplassen, men Brann måtte vinne med tre mål meir enn Viking for å gå forbi, om begge to vann sine kampar. Viking klarte derimot berre 1-1 borte mot Stabæk, medan Brann vann 4-0 heime mot Molde og sikra seg sølvet. Viking tok bronsen.

Haugesund hadde alt rykka ned, men vann sin kamp 1-0 mot Lillestrøm. Start og Vålerenga møttest til ein direkte nedrykkskamp. Begge hadde like mange poeng, og om Bryne tapte, ville den som vann òg klatre forbi Bryne og opp på trygg plass. Bryne vann derimot 1-0 mot Odd Grenland, medan Vålerenga slo Start og sikra seg dermed kvalikplassen. Start rykka som følgje av tapet ned i lag med Haugesund.

Statistikk Mål i alt: 18 Snitt mål: Tilskodarar totalt i serierunden: Tilskodarsnitt per kamp: Flest tilskodarar: (SK Brann - Molde FK) Færrest tilskodarar: (FK Haugesund - Lillestrøm SK) Gule kort: 13 Utvisingar: 1

Kampfakta

*26