Coz I Luv You er eit samlealbum av det britiske rockeband Slade. Det kom ut i 1972 i somme land i Europa, Australia og Argentina. Det var det første samlealbumet deira og nådde tiandeplassen i Nederland.
Det utnytta suksessen bandet hadde med gjennombrotet sitt med singlane «Get Down and Get with It», «Coz I Luv You» og «Look Wot You Dun» i 1971. Samlealbumet vart raskt sett saman og gjeve ut av Polydor. Utaom A-sidene inneheld samlinga miksar av B-sidene og albumspor frå albumet Play It Loud frå 1970.
Utgjeving «Coz I Luv You» vart gjeve ut av Polydor i Tyskland, Nederland, Noreg, Sverige, Argentina og Australia. I Argentina kom det ut under namnet Mira Lo Que Has Hecho, som tyder «Look What You Have Done». I Nederland hadde samleplata eit anna innhald enn dei andre utgåvene. Her vart «Angelina», «Candidate», «Look Wot You Dun» og «Could I» erstatta med «One Way Hotel», «Do You Want Me», «See Us Here» og «Know Who You Are».
I 1973 vart albumet gjeve ut på ny i Tyskland på Luxor Gold. Dette hadde òg eit anna innhald med «See Us Here», «One Way Hotel», «I Remember», «Pouk Hill» og «Dirty Joker» i staden for «My Life is Natural», «Candidate», «Could I», «Gospel According to Rasputin» og «Get Down and Get with It». Ei anna tysk nyutgåve kom i 1974, på Karussell, men med den originale sporlista frå 1972. Samleplata er ikkje lenger i trykk og har aldri vore utgjeven på CD.
Mottaking
I ei seinare melding av albumet skreiv Dave Thompson i AllMusic: «...sant nok var det lite her for samlarar å arbeide med utanom A- og B-side frå dei siste tre singlane deira sidan eit halvt dusin av songane kom frå Play It Loud. Men det er likevel eit strålande samlealbum der albuma står godt ved sidan av hittane. I myriaden av samleplater av Slade som har kome i tiåra sidan dette - det første av dei alle - kjennest dette nærare eit 'verkeleg' album enn nokre av dei andre.»
Innhald
Nederlandsk utgåve
Tysk utgåve frå 1973
Salslister Liste (1972)PlasseringAustralia (Kent Music Report) 29Nederland10
Medverkande Slade Noddy Holder – solovokal, rytmegitar Dave Hill – sologitar, korvokal Jim Lea – bass, piano, fiolin, korvokal Don Powell – trommer
Andre medverkande Chas Chandler - produsent
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Coz I Luv You (album)» frå , den 8. oktober 2021. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Samlealbum frå 1972 Kategori:Slade-album Kategori:Polydor Records-album }}