Ingrid Bergman () var ein svensk skodespelar. Ho er ein av Sveriges mest kjende skodespelarar gjennom tidene, og er ein av få skandinavar som med rette kan kallast Hollywood-stjerne. Bergman var gift tre gonger, med Petter Lindström (1937–1950), Roberto Rossellini (1950–1956) og Lars Schmidt (1957–1976). I 1999 vart ho kåra til tidenes fjerde største kvinnelege filmlegende av Det amerikanske filminstituttet.
Liv og virke
Bakgrunn Bergman vart fødd i Stockholm; faren Justus Samuel Bergman var svensk og mora Friedel Henrietta Augusta Louise fødd Adler var opphavleg tysk og fødd i Kiel. Foreldra vart gift i Hamburg i 1907. Mora døydde då Ingrid var tre år gammal og faren døydde då ho var 12 år gammal. Faren hadde vore fotograf og hadde tidleg fremja Ingrids talent.
Etter døden til foreldra voks Bergman opp hos slektningar. Skodespelarkarrieren byrja med studium på Dramatens elevskule, og i løpet av denne tida hadde ho ei lita rolle i filmen Munkbrogreven (1935).
Karriere Etter omkring eit dusin filmar i Sverige fekk ho kontakt med USA og Hollywood-produsenten David O. Selznick, som gav henne filmkontrakt. Den første Hollywood-filmen hennar Intermezzo var ei nyinnspeling av ein film ho hadde spelt inn med Gösta Ekman i Sverige i 1935.
I 1950 møtte ho filmregissøren Roberto Rossellini. Ho vart elskarinna hans, og fekk samtidig ei rolle i filmen hans Stromboli. Begge var allereie gift, og kjærleiksaffæren vart ein medieskandale som gav henne visse yrkesmessige problem, med færre rolletilbod. Det vart òg demonstrert utanfor kinoar som viste filmane hennar og enkelte kinoar valde å boikotta henne. Paret fekk to døtrer, tvillingane Ingrid og Isabella, og sonen Robertino.
Etter nokre filmar for Rosselini, filmar som vart verken kunstnariske eller økonomiske suksessar, fekk Bergman igjen filma i Hollywood. Med Anastasia (1956) var ho igjen ei lysande stjerne på Hollywoods himmel. Deretter følgde ei rekkje Hollywood-filmar, inntil Ingmar Bergman i Høstsonaten (1978) gav henne moglegheita til å gjera den beste rolleprestasjonen i karrieren. For rolla som Greta Ohlsson i filmen Mord på Orientekspressen (1974) i vann ho Oscar for beste kvinnelege birolle. Bergmans siste film vart ein TV-film i 1982, Golda Meir, der ho spelte Israels tidlegare statsminister, Golda Meir. Ho har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.
Bergman døydde på fødselsdagen sin i 1982 etter ei tid med sjukdom. I 1999 vart ho kåra til tidenes fjerde største kvinnelege filmlegende av Det amerikanske filminstituttet. Den svenske dokumentarfilmen Jeg er Ingrid frå 2015 handlar om Bergmans liv og virke.
Galleri
Filmografi (utval)
1932 – Landskamp 1935 – Diamant-Lasse 1935 – Bränningar 1935 – Swedenhielms 1935 – Valborgsaften 1935 – På solsiden 1936 – Intermezzo 1936 – Dollar 1938 – En kvinnes ansikt 1938 – De fire kamerater 1939 – En eneste natt 1939 – Intermezzo 1940 – Juninatten 1941 – Sjalusi 1941 – Dr Jekyll og Mr Hyde 1941 – Adam hadde fire sønner 1942 – Casablanca [1943 – Klokkene ringer for deg 1944 – Gasslys 1945 – Trollbundet 1945 – Klokkene i St. Mary 1946 – Høyt spill i Saratoga 1946 – Notorious 1948 – Triumfbuen 1948 – Jeanne d'Arc 1949 – Under Capricorn 1950 – Stromboli 1952 – Hun ofret seg selv 1953 – Reisen til Italia 1956 – Elena og hennes menn 1956 – Anastasia 1969 – Kaktusblomsten 1974 – Mord på Orientekspressen 1978 – Høstsonaten
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ingrid Bergman» frå , den 8. november 2021.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå Stockholm Kategori:Hollywood Walk of Fame Kategori:Tony Award-vinnarar Kategori:Emmy-vinnarar Kategori:Svenske skodespelarar