Berit Alten () var ein norsk skodespelar.

Alten scenedebuterte i 1938 på Det Nye Teater og var mellom 1939 og 1947 engasjert ved Trøndelag Teater. Ho filmdebuterte i 1939 i Helge Lundes Familien på Borgan. Alten medverka i samanlagt fire filmar 1939–1946. I sin siste film Vi vil leva spelte ho ein av dei større rollene som Elsa.

Alten var dotter av høgsterettsdommar Edvin Alten (1876–1967) og Ragna Aass (1880–1975) og syster av Rønnaug Alten. I 1950 gifta ho seg med litteraturforskaren Asbjørn Aarnes.

Filmografi 1939 – Familien på Borgan 1941 – Hansen og Hansen 1944 – Hans livs lopp (svensk kortfilm) 1946 – Vi vil leve

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Berit Alten» frå , den 9. november 2021.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Skodespelarar frå 1900-talet