Grethe Støa Birketvedt () er ein norsk forskar, lege med doktorgrad, musikar og forfattar. Ho har gjeve ut fleire bøker om slanking.

Birketvedt avla doktorgraden sin ved Universitetet i Tromsø i 1995 og forska ved University of Pennsylvania frå 1995–2000 og ved Mount Sinai School of Medicine frå 2000 til 2006. Ho har sidan arbeidd ved Oslo Universitetssjukehus og Universitetssjukehuset i Tromsø med overvekt og fedme. Ho er enno aktiv som forskar. Birketvedt har publisert over 45 forskingsartiklar, har skrive fleire bøker, både fagbøker, barnebøker, musikalar og diktsamlingar. Den siste fagboka for personar som ynskjer å endra livsstilen sin er Med Kroppen I Hodet, ei bok som fortel om regulering mellom hovudet og kroppen når det gjeld mettheit og svolt. Den siste boka ho har gjeve ut kom i 2016 og er ein barnebok med tittelen Innsjøen som gråt.

Grethe Støa Birketvedt har fleire patentar innan overvekt og fedme. Ho er brukt som foredragshaldar innanfor sitt fagfelt.

Grethe er også medlem av Editorial panel for 2 av E-Cronicon sine tidsskrift; Nutricion og Neurology.

Ho vart i 2008 skulda av VG for å vera æresprofessor ved eit falskt universitet og for å ha forfalska akademiske dokument.

Bibliografi

På avstand (Lyrikk, 1977) Det er dager (Lyrikk, 1979) Musikklek (Plate/CD, 1980) Musikklek (Barnebok, 1980) Hildelin – et symfonisk dikt (Lyrikk, 1980) Lattergata 3 (Dramatikk, 1986) Cirkus i by’n (Dramatikk, 1993) I planetens lys (Lyrikk, 1993) Vriompeisen (Musikk, Musikkforlag, 1997) Vektreduksjon (Sakprosa, Tano, 2000) Med kroppen i hodet (Sakprosa, Versal, 2008) Innsjøen som gråt (Barnebok, To Streker 2016)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Grethe Støa Birketvedt» frå , den 11. november 2021.

Bakgrunnsstoff

Presentasjon av Grethe Støa Birketvedt i Forfattarkatalogen på Nettsidene til forfattarsentrum

Kategori:Norske dramatikarar Kategori:Norske legar Kategori:Norske forfattarar