Vokativ (latin [casus] vocativus, 'rope på') er eit grammatisk kasus, brukt som kasuset til tiltaleforma.
Denne kasusen finn ein mellom anna i latin, gresk, irsk og baltiske, romanske og slaviske språk som ei tiltaleform av substantiv. Norrønt hadde også vokativ, men dette har stort sett falle bort på moderne norsk.
Døme
Ifølge språkkjennaren Per Egil Hegge finst det berre éi ekte vokativform i norsk, nemleg «folkens», som i uttrykket «hei, folkens»."Helt unyttig", i Per Egil Hegges språkspalte i Aftenposten 01.10.2004 I staden for vokativ kan ein på norsk bruka pronomenet «du» foran substantivet: «Du Guri, ...», «du mann» eller «de ungar». Ein slags distinksjon mellom vokativ og ikkje vokativ markering har vi for personnamn i dialektar med såkalla propriell artikkel. I slike dialektar vil «Kari» og «Per» markere vokativ, mens «ho Kari» og «han Per» vil markere andre funksjoner.
Eit døme frå gresk er eit uttrykk som ofte blir brukt i kristen liturgi, som Litaniae Lauretanae (Loreto-litanien Treasury of Latin Prayers. Database over latinske bønner, av Michael Martin. (lest 25.10.2017):
. Kýrie, eléison; Khristé, eléison; Kýrie, eléison. «Herre, miskunn deg, Kristus, miskunn deg, Herre, miskunn deg»
Der er κύριε (kyrie) vokativforma av κύριος (kyrios), 'herre', og Χριστὲ (Khriste) er vokativforma av Χριστός (Khristos), «Kristus».
På litauisk er ordet for mann, vyras, vyre i vokativ.Ambrazas, Vytautas m.fl. (c1997). Lithuanian Grammar. Vilnius: Baltos lankos. s.110. ISBN 9986813220 Vokativforma for mannsnamnet Petras er Petrai.Ambrazas, Vytautas m.fl. (c1997). Lithuanian Grammar. Vilnius: Baltos lankos. s.112, punkt 1.20 (1). ISBN 9986813220
Kjelder
Kategori:Grammatikk