Élena Tsagrinoú, òg stava Elena Tsagrinou og Elena Tsagkrinou (), er ein gresk songar og tidlegare frontvokalist i bandet OtherView. Tsagkrinoú representerte Kypros i Eurovision Song Contest 2021 med songen «El Diablo».

Bakgrunn Tsagkrinoú vart fødd i Athen i 1994, og som 14-åring deltok ho i Ellada Eheis Talento (Ελλάδα Έχεις Ταλέντο), den greske versjonen tilsvarande Norske Talenter, der ho nådde semifinalen. I 2013 vart ho med i bandet OtherView og spelte med dei fram til 2018. Same år innleidde ho solokarrieren sin og gav ut debutsingelen «Pame ap’ tin arxi» ('La oss gå frå byrjinga'), skriven av Dimitris Kontopoulos og Nikos Moraitis.

Seinare gav ho ut fleire singlar og oppnådde stor suksess. Blant anna fekk musikkvideoane hennar fleire millionar treff på YouTube, og ho vart ein av dei mest populære popartistane i den greskspråklege musikkmarknaden.

Tsagkrinoú har delteke i fleire musikkprogram i Hellas og Kypros, og har vore mentor på TV-programmet Just the 2 Of Us og programleiar for The Voice of Greece i 2016 og 2017. Den kypriotiske kringkastaren RIK valde Tsagkrinoú til å representere Kypros i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland. Ho deltok med songen «El Diablo», skriven og produsert av , , og . Tsagkrinoú var nummer åtte på scena under den fyrste semifinalen tysdag 18. mai og ende på ein sjetteplass i semifinalen. Ho kvalifiserte seg til finalen laurdag 22. mai, der ho opna finalen som fyrste artist på scena. Til slutt enda Kypros som nummer 16 av 26.

Diskografi

Singlar (med bandet OverView)

2014 – «What You Want» 2014 – «O giros tou kosmou» 2015 – «Ola afta pou niotho» 2015 – «In the Club Bi*h» 2016 – «Xana» 2017 – «Tora i pote»

Singlar

2018 – «Pame ap' tin archi» 2018 – «Summar Romance» 2018 – «Paradeisos» 2019 – «Logia» 2020 – «Amore» 2020 – «Para me ankalia» (med Mike) 2021 – «El Diablo»

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Élena Tsagrinoú» frå , den 21. november 2021.

Kategori:Greske songarar Kategori:Folk frå Aten Kategori:Kypriotiske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2021-deltakarar