Siren Jørgensen () er ein norsk skodespelar frå Stord. Ho vart utdanna ved Statens Teaterhøgskole i 2002. I 2006 vart ho tilsett ved Den Nationale Scene i Bergen og jobba der i rundt 10 år før ho vart frilansskodespelar og busette seg i Oslo. I 2009 vann ho publikumsprisen Årets scenenamn, utdelt av Bergen Teaterforening og Bergensavisen.

Ho spelte hovudrolla som Rebekka i Kjersti G. Steinsbøs film Hevn frå 2015. Filmen er basert på Ingvar Ambjørnsen si bok Dukken i taket. For rolla vart ho nominert til Kanonprisen 2015 i klassa beste kvinnelege hovudrolle.

Filmografi

2003: Play 2008: Forlat oss vår skyld – kortfilm 2014: Lilyhammer – TV-serie, 1 episode 2015: Side om side – TV-serie, 2 episoder 2015: Hevn 2015–2017: Neste sommer – TV-serie, 2 episoder 2016: Aber Bergen – TV-serie, 1 episode 2017: Helt perfekt – TV-serie, 1 episode 2017: Front - kortfilm 2019: Magnus – TV-serie, 6 episoder 2019: Lovleg – TV-serie, 1 episode 2020: 22. juli – TV-serie, 3 episoder

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Siren Jørgensen» frå , den 22. november 2021.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Folk frå Stord