Knottblomslekta (Malaxis) er ei slekt i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.

Systematikk På verdsbasis har knottblomslekta mange artar; ulike klassifiseringar opererer med frå kring 150 til over 400 artar. Av desse er berre ein representert i Noreg og Norden. Tidlegare blei òg myggblom rekna til denne slekta, men er no skild ut til myggblomslekta Hammerbya. Det har vore framlegg om å skilje ut knottblom og somme andre artar til slekta Microstylis, men dette er ikkje gjennomført i dei fleste klassifiseringar.

Etymologi Namnet Malaxis er laga ut frå det greske verbet malázo (μαλάζω), som tyder å gjere mjuk.

Artar i Noreg Artsdatabanken opererer med ein art i Noreg:

knottblom (M. monophyllos)

Arten er teken med på Norsk raudliste for artar (2021) som sterkt truga (EN).

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Slekter i orkidéfamilien