Suzi ... and Other Four Letter Words, gjeve ut i 1979, er det sjette studioalbumet til den amerikanske musikaren og bassisten Suzi Quatro. Albumet nådde fjerdeplassen på VG-lista i Noreg, og vart den høgaste plasseringa hennar her. Det var òg det nest mest populære albumet hennar i USA, men her nådde det berre 117. plassen.
Albumet inneheld tre singlar, som alle gjekk inn på listene. «She's in Love with You» gjekk til topps i Sør-Afrika, og låg på toppen der i sju veker, og nådde elles topp 20 i Storbritannia, Austerrike, Nederland, Noreg og Sveits. «Mama's Boy» gjekk inn på lista i både Storbritannia og i Nederland og «I've Never Been in Love» gjekk inn på lista i USA og Storbritannia.
Bakgrunn Albumet kom ut etter at Quatro flytta frå USA til Storbritannia. Det er det siste albumet hennar før ho valde å ikkje fornye kontrakten hennar med plateprodusenten Mickie Most sitt RAK Records. I staden for signerte ho kontrakt med Dreamland Records, som vart starta opp av låtskrivarane og produsentane Mike Chapman og Nicky Chinn).
Mottaking
Red Starr skreiv for Smash Hits i 1979 og skildra albumet som «ti umiddelbar tilgjengelege bitar med sprettande, streite poprocksongar». I meldinga si for AllMusic gav Donald A. Guarisco albumet 2,5 av 5 stjerner. Han skreiv at Quatro «gjore eit sterkt steg attende til rockerøtene sine» med albumet. Trass i mindre problem er Suzi...and Other Four Letter Words eit solid stykke rock som Suzi Quatro-fansen garantert kjem til å like.»
Innhald
Medverkande Suzi Quatro – solovokal, bassgitar Len Tuckey – sologitar, rytmegitar, akustisk gitar, korvokal Jamie Crompton – gitar, korvokal Bill Hurd – klaverinstrument, korvokal Dave Neal – trommer
Teknisk Dave Tickle – lydteknikar Peter Coleman – lydteknikar Glenn Ross – kunstnarisk leiar Norman Seeff – fotografi Steve Hall – mastering Mike Chapman – produsent
Salslister Liste PlasseringAustralia (Kent Music Report)47 Noreg 4 Sverige 36 USA, The Billboard 200 117
«She's in Love with You» / «Space Cadets» (eller «Starlight Lady» i USA) (1979) Liste Plassering Storbritannia 11 Austerrike 4 Nederland 6 New Zealand 24 Noreg 10 Sveits 6 USA, The Billboard Hot 100 41
«Mama's Boy» / «Mind Demons» (1980) Liste Plassering Storbritannia 34 Nederland 43
«I've Never Been in Love» / «Starlight Lady» (eller «Space Cadets» i USA) (1980) Liste Plassering Storbritannia 56 USA, The Billboard Hot 100 44
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Suzi ... and Other Four Letter Words» frå , den 16. april 2022. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Suzi Quatro-album Kategori:Album produserte av Mike Chapman Kategori:Rak Records-album Kategori:Musikkalbum frå 1979