Jane Marie Genevieve Wiedlin () er ein USA-amerikansk musikar, songar, låtskrivar og skodespelar, mest kjend som opphavleg medlem, rytmegitarist og korvokalist i new wave-bandet The Go-Go's. Wiedlin har òg hatt ein suksessrik solokarriere.
The Go-Go's vart eit av dei mest populære amerikanske banda i 1980-åra og var med å gjere new wave populært med hittar som «We Got the Beat», «Our Lips Are Sealed» og «Vacation». Som soloartist hadde ho den største hitten sin med songen «Rush Hour», som nådde niandeplassen på Billboard Hot 100. Som skodespelar har ho hatt små roller som syngande telegramjente i filmen Clue (1985) og som Jeanne d'Arc i Bill & Ted's Excellent Adventure (1989).
Som medlem av The Go-Go's fekk Wiedlin ei stjerne på Hollywood Walk of Fame. Ho og bandet vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame den 30. oktober 2021.
Diskografi Studioalbum År Detaljar Listedetaljar US UK Canada 1985 Jane Wiedlin Utgjeve: Oktober 1985 Selskap: IRS Records 127 — — 1988 Fur Utgjeve: 1988 Selskap: EMI- Manhattan Records 105 48 88 1990 Tangled Utgjeve: 1990 Selskap: EMI USA — — — 2000 Kissproof World Utgjeve: 31. oktober 2000 Selskap: Painful Discs — — — 2017 Elettrodomestico Utgjeve: Oktober 2017 Selskap: Sjølvutgjeve
Samlealbum År Albumdetaljar 1993 The Very Best of Jane Wiedlin: From Cool Places to Worlds on Fire Utgjeve: 1993 Selskap: Alliance Records, EMI
Singlar År Singel Listeplasseringar Album US US Dance NZ UK Can 1985 «Blue Kiss» 77 30 — — 62 Jane Wiedlin 1988 «Rush Hour» 9 — 31 12 13 Fur «Inside a Dream» 57 — — 64 — 1990 «World on Fire» — — — — — Tangled «—» syner til at utgjevinga ikkje gjekk inn på lista
Som deltakar År Singel Artist Listeplasseringar Album US US Dance 1983 «Cool Places» Sparks 49 13 In Outer Space
Andre utgjevingar 1990 Pretty Woman (EMI) – «Tangled» 1996 Cold (Geffen Records) – som froSTed 2001 Josie and the Pussycats Original Soundtrack – bidragsytar på «You Don't See» og «Come On». 2002 The Specials vs. the Untouchables: Ska's Greatest Stars (Big Eye Music) – Omarrangement av «Our Lips Are Sealed» med The Specials 2006 80's New Wave Hits (Big Eye Music) – Omarrangement av «Our Lips Are Sealed» med The Specials 2017 Elettrodomestico (If You're a Boy or a Girl)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Jane Wiedlin» frå , den 26. april 2022. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:USA-amerikanske new wave-musikarar Kategori:USA-amerikanske rockegitaristar Kategori:USA-amerikanske skodespelarar Kategori:The Go-Go's-medlemmar Kategori:Musikarar frå Wisconsin Kategori:Rytmegitaristar