Äʹvv skoltesamisk museum (Äʹvv Saa'mi mu'zei) er eit museum for den skoltesamiske kulturen; det ligg ved E6 i Neiden i Sør-Varanger kommune og opna for publikum i juni 2017.
mini|venstre|Frå hovudutstillinga Skoltelandet
Den faste utstillinga til museet, Skoltelandet, er fordelt på tre rom: Folket, Landet og Verden. Dei tre delane viser samfunna og tradisjonane til skoltesamane; livsforma og landskapsbruket deira, og skoltesamane i møte med storsamfunnet.H.B. Huseby. Solid åpning for Skoltesamisk museum; Museumsnytt, 19. oktober 2017 I Neiden finst òg andre skoltesamiske kulturminne: det vesle, ortodokse Sankt Georgs kapell og det verna landskapet Skoltebyen.Skoltebyen Neiden kulturmiljø ; Riksantikvaren; miljostatus.no, 9.3.20187 Østsamene i Neiden; I: NOU 1997: 4 Naturgrunnlaget for samisk kultur
Arbeidet med å ferdigstilla museet tok lang tid. Grunnsteinen blei lagt ned i 2007, og museet stod ferdig i 2009 Ei rekke feil ved bygget førte til utsetjingar med opninga.Ä'Vv - Skoltesamisk museum ; statsbygg.noSkandalemuseet åpnes endelig etter åtte år; NRK Sapmi, 15.6.2017 Museet heitte i planfasen Østsamisk museum, men skifta namn til Äʹvv Skoltesamisk museum før opninga i 2017. «Äʹvv» er skoltesamisk og betyr 'gjenspeglinga av sola på vatn eller snø'.Museet i Neiden skifter navn før den etterlengtede åpningen ; Sør-Varanger avis, 13.04.2017
Museet deltar i bååstedeprosjektet for tilbakeføring av samiske gjenstandar frå Norsk Folkemuseum og Kulturhistorisk museum til samiske museum.Bååstede; norskfolkemuseum.no Det blei tilbakeført ei rekke gjenstandar i april 2017.Rene julaften på museet i Neiden - endelig kom de første tusener år gamle gjenstandene; Sør-Varanger avis, 07.04.2017
Museet er ein del av Tana og Varanger Museumssiida, saman med tre andre museum i Aust-Finnmark.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Äʹvv skoltesamisk museum» frå , den 3. mai 2022.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kultur i Sør-Varanger Kategori:Skipingar i 2017