Fotballkampen Noreg – England i 1981 var ein kvalifiseringskamp i gruppe 4 til VM i fotball 1982. Kampen var både Noreg og England sin nest siste kamp i kvalifiseringsgruppa i den europeiske VM-kvalifiseringa. Resten av laga i gruppa, Ungarn, Romania og Sveits, hadde kampar tilgode mot både England og Noreg i kvalifiseringsgruppa. Kampen vart avvikla onsdag 9. september 1981 på Ullevaal Stadion i Oslo.
Radio- og TV-kommentatorar Kampen blei kommentert over med 1. omgangen på P2 (19.00–19.55) og 2. omgangen på riksprogramkanalen P1 (19.55–20.50) av og sidekommentator , på NRK TV (1. omgang 18.55–19.29 og 2. omgang 19.55–20.45) av Arne Scheie med intervjuarane på indre bane Dan Børge Akerø og etter kampslutt. I Storbritannia blei kampen send live på , med kommentatorane Brian Moore og .
Utropet frå Lillelien då dommaren blåste av kampen har seinare blitt verdskjent og klippet av kommenteringa til Lillelien blei innlemma i Noregs dokumentarv i 2012, eit register over dei viktigaste dokumenta i norsk historie. Registeret er ei nasjonal utgåve av verdsminne-programmet til UNESCO (Memory of the World).
I 2002 kåra den britiske avisa dette utropet til den beste prestasjonen av ein kommentator nokonsinne.
Englands Bryan Robson scora det fyrste målet i kampen etter 14 minutt. I det 34. minutt utlikna Roger Albertsen, og eitt minutt før pause gjekk Noreg opp i leiinga etter at Hallvar Thoresen scora. Kampen hadde avspark kl. 19 og blei send direkte på TV i sin heilheit, bortsett frå det siste kvarteret av fyrste omgang der Noreg snudde kampen og pausen. Då gjekk nemleg Dagsrevyen og det blei stille frå Ullevaal, men begge gongane Noreg scora avbraut programleiar Einar Slyngstad og opplyste om måla, det andre med «Norges bredeste glis».
Eit anna kanskje ikkje fullt så kjent sitat frå same kamp av same kommentator er følgjande utsegn:
Kampstatistikk
| width="45%"| Målvakt: 1 : Tore Antonsen Forsvar: 2 : Bjarne Berntsen; 3 : Åge Hareide; 4 : Einar Aas; 5 : Svein Grøndalen Midtbane: 6 : Roger Albertsen; 8 : Hallvar Thoresen 12px|lenke=Lagkaptein; 7 : Anders Giske Angrep: 11 : Tom Lund; 10 Pål Jacobsen; 9 : Arne Larsen Økland Innbyttarar: 16 : Arne Dokken for T. Lund (75 min); 13 : Trond Pedersen for A. Larsen Økland (87. min) Trenar: | width="45%"| Målvakt: 1 : Ray Clemence Forsvar: 2 : Phil Neal; 4 : Phil Thompson; 5 : ; 3 : Mick Mills Midtbane: 6 : Bryan Robson; 8 : Trevor Francis; 10 Glenn Hoddle Angrep: 9 : Paul Mariner; 7 : Kevin Keegan 12px|lenke=Lagkaptein; 11 : Innbyttarar: 16 : for G. Hoddle (65 min); 15 : for P. Mariner (77. min) Trenar:
Referansar Arbeiderbladet, 9. sep. 1981 VM-tabellen, side 34 Arbeiderbladet, 9. sep. 1981 Radio Onsdag, 9. september, side 35 Arbeiderbladet, 9. sep. 1981 Fotball, side 35 Arbeiderbladet, 9. sep. 1981 TV i dag, Onsdag, 9. september, Norsk TV, side 35 Denne artikkelen bygger på «Norge–England 2–1» frå , den 14. september 2024.
Litteratur
Bakgrunnsstoff Fotballkamp Norge - England (02:03:23) Norge - England 1981. Fra nrk.no Med lisens til å sende med klippet Radiokommentator Bjørge Lillelien Fra tv.NRK.no Norway 2-1 England (1981) WCQ Lengde: 8 min. og 15 sekunder på YouTube.com 1982 FIFA World Cup Qualifiers - Norway v. England hele sendingen fra engelsk TV-kanal Lengde: 1. time 59 min. og 45 sekunder på YouTube.com 1981: Norway - England 2-1 (documentary) The dream of Great Britain. Laget av NRK. Lengde: 15 min. og 0 sekunder på YouTube.com
Kamp rapport fra RSSSF Norwegian football archive
Kategori:Noregs dokumentarv Kategori:Det norske fotballandslaget Kategori:Engelske landslag Kategori:Idrettstilskipingar i Oslo Kategori:Sport i England i 1981 Kategori:Fotball i Noreg i 1981