Laksetobisfamilien (Paralepididae) er ein fiskefamilie i ordenen øglefiskar. Han omfattar rundt 70 artar som finst i ope hav over heile verda.
Fiskane i familien har ein ryggfinne som ligg bak midten av kroppen. Artane har ikkje symjeblære og vanlegvis ikkje skjel. Kroppslengda kan vera opptil ca. 1 meter. I norske farvatn finst det to artar frå denne familien, stor laksetobis og liten laksetobis.
Slekter i familien ifølgje Catalogue of Life, Dyntaxa og Fishbase:
Arctozenus Dolichosudis Lestidiops Lestidium Lestrolepis Macroparalepis Magnisudis Notolepis Paralepis Stemonosudis Sudis Uncisudis
Kjelder
Dyntaxa Paralepididae Paralepididae, Fishbase, henta 2017-04-12.
Denne artikkelen bygger på «Laxtobisfiskar» frå , den 14. juni 2022.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Fiskefamiliar Kategori:Øglefiskar