Evan Reese Jager () er ein USA-amerikansk langdistanse- og hinderløpar. Han vann OL-sølv i 2016 og VM-bronse 2017 i 3 000 meter hinder.
Jager sette i 2012 personleg rekord i 3 000 meter hinder med tid 8.06,8. Under Sommar-OL 2012 vart han nummer 6 i øvinga. Sommaren 2014 forbetra han sitt personbeste til 8.04,7. Den 4. juli 2015 i Paris presterte han sitt livs beste hinderløp då han vart andremann i DL-stemnet på tida 8.00,4. Under dei olympiske leikane 2016 i Rio de Janeiro tok han sølvmedaljen, sekundet bak Conseslus Kipruto. Året etter kom han i mål til bronse i London-VM.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2009 i Berlin: Utslått i kvalifiseringa på 5 000 m (13.39,8=nr 25) OL 2012 i London: Nr 6 i 3 000 m hinder – 8.23,8 VM 2013 i Moskva: Nr 5 i 3 000 m hinder – 8.08,6 VM 2015 i Beijing: Nr 6 i 3 000 m hinder – 8.15,4 OL 2016 i Rio de Janeiro: Sølvmedalje i 3 000 m hinder – 8.04,2, bakom Conseslus Kipruto (8.03,2) VM 2017 i London: Bronsemedalje i 3 000 m hinder – 8.15,5 VM 2022 i Eugene: Nr 6 i 3 000 m hinder – 8.29,0
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Evan Jager» frå , den 1. juli 2022.
World Athletics
Kategori:Langdistanseløparar frå USA Kategori:Hinderløparar frå USA Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for USA Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016