mini|Frå baksida ser ein gangane tydeleg. Ospeminermøll er ein sommarfugl som er vanleg i det meste av Sør-Noreg og Trøndelag. Larvene til ospeminermøllen lever i ospeblad, der dei grev gangar. Desse tunnelane lagar luftfylte lommer i overhuda på blada, og dei blir då sølvgrå. Er trea hardt angripne, får dei ein karakteristisk utsjånad. Angrepa er ikkje farlege for trea, og dei fleste ospetrea er angripne i område der sommarfuglen finst.

Sommarfuglen er sølvgrå og svart med smale venger og eit vengespenn på 6-7 mm. Dei vaksne sommarfuglane overvintrar.

Kjelder Skog og landskap

Bakgrunnsstoff

Kategori:Sommarfuglar Kategori:Insekt i Noreg