mini|First day of school. Fotografi frå 1905. Fyrste skuledag er dagen skuleåret byrjar på etter ein lengre ferie. Dette er vanlegvis i august eller september på den nordlege halvkula og ofte i januar eller februar på den sørlege halvkula, men dette kan variera frå land til land. Den fyrste skuledagen ved byrjinga av skulegangen til ein elev har særskild tyding, ettersom han markerer ein overgang frå tidleg barndom til skuletid. Elles markerer fyrste skuledag slutten på ein ferie og byrjinga på kvardagen.
I Russland og fleire tidlegare sovjetiske land blir fyrste skuledag markert som kunnskapsdagen, vanlegvis den 1. september. Dette er ei festleg markering, særleg for barn som skal byrja på skulen. I delar av Tyskland har det frå 1800-talet vore tradisjon med Schultüte eller Zuckertüte til fyrste skuledag. Dette er eit stort, dekorert kremmarhus fylt med godteri, småleiker eller skulesaker som blir gjeve til barn som skal byrja på skulen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «First day of school» frå , den 18. september 2022.
Delar av denne artikkelen bygger på «Knowledge Day» frå , den 18. september 2022.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Skuletradisjonar Kategori:Overgangsritar