Tempo er i musikalsk terminologi eit uttrykk for snøggleiken til ein takt eller ein rytme. Sjølve ordet tempo er italiensk for tid. Tempoet i eit musikkstykke vert markert i starten av stykket. I moderne musikk nyttar ein eininga BPM, som står for «beats per minute» eller på norsk taktslag pr. minutt. Det tyder at ein spesifiserer lengda av eit taktslag og deretter kor mange av desse som skal spelast per minutt. Denne matematiske utrekninga av tempo vart populær i løpet av 1800-talet, då dei første metronomane vart laga. Desse var riktignok høgst upålitelege.
Italienske tempomarkeringar
Vanlege tempomarkeringar
Dei vanlegaste tempomarkeringane på italiensk er:
Grave - særs langsamt og høgtidleg Largo - langsamt og breitt Adagio - langsamt Lento - langsamt Andante - i gåande fart Moderato - moderat, passeleg - verken hurtig eller langsamt Allegretto - «litt allegro», moderat hurtig Allegro - hurtig Presto - særs hurtig Prestissimo - så hurtig som mogeleg
Graderingar
non troppo - ikkje for mykje; til dømes Allegro non troppo (eller Allegro ma non troppo) som tyder «Hurtig, men ikkje for hurtig». molto - veldig, som i Allegro molto poco - litt, som i Poco Adagio piu - meir, som i Piu Allegro meno - mindre, som i Meno Presto Ulike suffiksar frå italiensk vert brukt, i tillegg til Allegretto; Andantino, Larghetto, Adagietto, Larghissimo, Prestissimo.
Uttrykk som markerer endring av tempoet (agogikk)
Accelerando - gradvis hurtigare (fork.: accel.) Meno Mosso - mindre rørsle eller langsamare Più Mosso - meir rørsle eller hurtigare Rallentando - gradvis langsamare (fork.: rall.) Ritardando - gradvis langsamare (fork.: rit.)
Tempomarkeringar på andre språk
Franske tempomarkeringar
Grave - langsamt og høgtideleg Lent - langsamt Modéré - i eit moderat tempo Vif - livleg Vite - hurtig Très - veldig, som i Très vif Moins - mindre, som i Moins vite
Tyske tempomarkeringar
Langsam - langsamt Mäßig - moderat Lebhaft - livleg Rasch - fort Schnell - hurtig
Tempomarkeringar på engelsk
Engelske indikasjonar, til dømes quickly (fort), har òg vorte brukt, av Benjamin Britten, av mange andre. I jazz og pop kan indikasjonar (som markerer tempo og stil) lik desse førekome; Fast - hurtig Laid back - avslappa Ballad - ballade Medium - moderat Medium-up - moderat til hurtig
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tempo» frå , den 26. april 2010.
Kategori:Rytme Kategori:Italienske ord og uttrykk Kategori:Musikkterminologi