Dougie MacLean, OBE () er ein skotsk songar og låtskrivar, komponist, multi-instrumentalist og musikkprodusent. MacLean har opptredd både under sitt eige namn og som del av talrike folkemusikkgrupper sidan midten av 1970-talet. Han er kjend for stykke som «Caledonia», som ofte er blitt kalla ein uoffisiell skotsk nasjonalsong, og «The Gael», som var hovudtemaet i filmen The Last of the Mohicans frå 1992.
Songane til MacLean er blitt spelt inn av ei rekkje ulike artistar. I tillegg til å verka som ein turnerande songar og låtskrivar, skipa MacLean plateselskapet og studioet Dunkeld Records saman med kona Jennifer i 1983.
Opphav og tidleg karriere MacLean voks opp på landsbygda i Perthshire, der far hans var gartnar, Mor hans spelte toradar, og far hans spelte fele. På 1970-talet arbeidde MacLean som sjåfør for Doc Watson og Merle Watson då dei turnerte i Europa. Han opprettheldt ein vennskap seinare, og har opptredd ved MerleFest.
I 1976 byrja MacLean å turnera med den skotske folkemusikkgruppa The Tannahill Weavers, som han også spelte med i ei studioinnspeling. Seint på 1970-talet turnerte han med Silly Wizard i seks månader.
I 1978 gav Maclean ut det fyrste albumet sitt, Caledonia, med Alan Roberts. Songen «Caledonia» frå albumet er ofte blitt kalla ein uoffisiell skotsk nasjonalsong.
Solokarriere Solokarrieren til MacLean byrja i 1981. Han har spelt inn ei rekkje album sidan. Han speler fleire instrument, som gitar, fiolin, mandola, bratsj, bouzouki, banjo og bass i tillegg til å verka som songar og komponist.Emblen, Frank (23 February 1986). New Jersey Guide. "The New York Times". Accessed on 14 August 2007.
MacLean skreiv «The Gael» i 1990, ein melodi som blei hovudtema i filmen The Last of the Mohicans frå 1992. Han var også musikalsk leiar for TAG Theatre Company si oppføring av A Scots Quair i 1993, og gav ut bidraga sine på LP-en Sunset Song i 1994. Songar av MacLean's er blitt spelte inn av fleire artistar, som Dolores Keane, Rich Mullins, Ronan Keating, Paolo Nutini, Amy Macdonald, Kathy Mattea, Frankie Miller, Cara Dillon og Mary Black, som laga ein coverversjon av «Turning Away» (1991) for filmen Angel Eyes frå 2001.
MacLean blei skildra i BBC-dokumentarfilmen documentary film The Land: The Songs of Dougie MacLean i 1993. Han har stelt til og opptredd ved Perthshire Amber festival, Birnam & Dunkeld og delteke i fleire opptredenar ved Celtic Connections i Glasgow.
MacLean skipa plateselskapet og lydstudioet Dunkeld Records saman med kona si Jennifer i 1983.
Prisar og utmerkingar I 2011 blei MacLean utnemnd til Officer of the Most Excellent Order of the British Empire (OBE).
I 2013 blei han tildelt ein BBC Radio 2 Folk Award for Lifetime Achievement for Contribution to Songwriting. Han blei gjeven prisen av den skotske fyrsteministeren Alex Salmond i Glasgow Royal Concert Hall.
Utgjevingar
Studioalbum
Are Ye Sleeping Maggie (1976) (med The Tannahill Weavers) Caledonia (1978) (som Alan Roberts & Dougie MacLean) CRM (1979) (som Alex Campbell, Alan Roberts & Dougie MacLean) Snaigow (1980) On A Wing and a Prayer (1981) Craigie Dhu (1983) Butterstone (1983) Fiddle (1984) Singing Land (1985) Real Estate (1988) Whitewash (1990) The Search (1990) Indigenous (1991) Sunset Song (1993) Marching Mystery (1994) The Plant Life Years (1995) Tribute (1996) Riof (1997) Perthshire Amber (2000) Who Am I (2002) Early (2003) With Strings (2003) Inside The Thunder (2006) Muir of Gormack (2007) Resolution (2010) Till Tomorrow (2014) Caledonia Cantata (2015) New Tomorrow (2017) A Robert Burns Selection (2018)
Instrumentale verk
Fiddle (1984) The Search (1990) Sunset Song (1994)
Live
Live: From The Ends Of The Earth (2000)
Videoar
The Land (1996) Live At Perthshire Amber (2006) Songmaker (2010)
Samlealbum
The Dougie Maclean Collection (1995) The Plant Life Years (1995) The Essential Dougie MacLean (2007) The Essential Too (2013)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Dougie MacLean» frå , den 10. oktober 2022.
Kategori:Skotske låtskrivarar Kategori:Skotske visesongarar Kategori:Folk frå Dunblane