Spreiing er ein fysisk prosess der banen til eit objekt eller ei stråle blir endra gjennom ei vekselvirking med eitt eller fleire andre objekt. Lys, lyd og partiklar i fart er døme på noko som kan spreiast. Ei rekke ting kan føra til spreiing, til dømes andre partiklar, bobler, dropar, celler i organismar eller ulik tettleik i mediumet objektet eller stråla går gjennom. mini|right|Plane bølgjer spreidde ved ei grunne Fenomenet oppstår når ein avgrensa strålebunt går gjennom eit stoff slik at strålinga oppstår i andre retningar samstundes som intensiteten av den opphavlege strålen minkar.

Kategori:Fysikk

Kategori:Atomfysikk Kategori:Kjernefysikk Kategori:Partikkelfysikk Kategori:Radarteori Kategori:Spreiing og absorpsjon