høgre|mini|Inne i operahuset La Fenice i Venezia i 1837. Venezia var saman med Firenze og Roma ein av årestadane for italiensk opera. mini|Triumfmarsjen frå Aida av Verdi, framført av United States Marine Corps Band.

Italiensk opera er både kunstforma opera i Italia og opera skriven på italiensk. Opera oppstod i Italia rundt år 1600, og italiensk opera har halde fram med å spela ei to viktig rolle innan forma sidan. Mange kjende operaer på italiensk blei skrivne av utanlandske komponistar, som Händel, Gluck og Mozart. Verk av innfødde italienske komponistar frå 1800- og det tidlege 1900-talet, som Rossini, Bellini, Donizetti, Verdi og Puccini, er nokre av dei best kjende operaene skrivne nokon sinne, og blir framleis framførte ved operahus over heile verda.

Opphav mini|Jacopo Peri som Arion i La pellegrina. Dafne av Jacopo Peri er den eldste komposisjonen ein reknar som ein opera etter dagens definisjon.This is not agreed by all authorities, see for references to other views Verka til Peri bygde likevel på tidlegare former for syngespel. Ein underliggande føresetnad for utviklinga av den eigentlege operaen var utøving av monodi. Monodi er solosong utforma for å uttrykka kjensleinnhaldet til teksten han inneheld, og er akkompagnert av ein relativt enkel sekvens av akkordar heller enn andre polyfoniske stemmer. Italienske komponistar byrja å ta i bruk denne stilen seint på 1500-talet, og han voks delvis fram frå den lange tradisjonen med å framføra polyfoniske madrigalar der ein songar blei akkompagnert av instrument som spelte dei andre stemmene, i tillegg til den aukande populariteten til meir folkelege, meir homofoniske vokalsjangrar som frottola og villanella. I desse to sjangrane var det ein aukande tendens til å ha ein meir homofonisk tekstur, der topprøysta hadde ein forseggjort, aktiv melodi, medan dei lågare hadde ein mindre aktiv, støttande struktur. Frå dette var det berre eit lite steg til full monodi. Alle slike verk pleidde å setja humanistisk poesi av ein type som prøvde å imitera Petrarca og trecento-etterfølgjarane hans.

Solomadrigal, frottola, villanella og liknande var ein viktig del av intermedio eller intermezzo, dramatiske førestillingar med musikk som blei sette opp dei siste sytti åra av 1500-talet av dei rike og stadig meir sekulære hoffa i dei italienske bystatane. Slike førestillingar blei vanlegvis synte fram for å markera viktige statlege hendingar: bryllaup, militære sigrar og liknande, og fann stad mellom aktene av skodespel. Som seinare opera hadde ein intermedio solosong, som nemnd før, men også madrigalar framførte i typisk fleirstemd tekstur, og dans akkompagner av musikarane som var til stades. Dei hadde rikt sceneutstyr, og leia scenografrien på andre halvdel av 1500-talet. Intermedioar pleidde ikkje fortelja ei soge, sjølv om dei kunne gjera det, men pleidde nesten alltid å fokusera på ei særleg menneskeleg kjensle eller oppleving som blei uttrykk gjennom mytologisk allegori.

I 1600 blei Peri sin opera Euridice oppført som del av feringa av eit Medici-bryllaup. Dette var truleg ei viktig utvikling av den nye musikkforma som gjorde henne vanleg i kostbar hoffunderhaldning.

Ei anna form for populær hoffunderhaldning på denne tida var madrigalkomedie, seinare også kalla madrigalopera av musikologar. Desse var danna av ei rekkje madrigalar sungne etter kvarandre for å føreslå ei dramatisk forteljing, men ikkje spelt på ein scene. Det blei også framført musikalske «pastoralar», Il Satiro og La Disperazione di Fileno, begge skrivne i 1590 av Emilio de' Cavalieri. Sjølv om desse tapte verka ser ut til å berre ha innehalde ariar, og ingen resitativ, verker det som om det var dei Peri viste til i forordet sitt til den utgjevne utgåva av Euridice, då han skreiv: «Signor Emilio del Cavalieri, før nokon annan eg veit om, gjorde det mogleg for oss å høyra vår type musikk på scenen». Andre pastorale skodespel hadde lenge omfatta musikalske innslag. Eit av dei eldste, Fabula di Orfeo (1480) av Poliziano, hadde minst tre solosongar og eitt kor.

1600-talet

Firenze og Mantova mini|«Toccata» frå L'Orfeo av Monteverdi.

Musikken til Dafne er gått tapt, men librettoen på 455 linjer i vers har overlevd. Den eldste operaen der musikken framleis er kjend blei framført i 1600 ved bryllaupet til kong Henrik IV av Frankrike og Marie de Medici ved Pittipalasset i Firenze. Operaen, Euridice, med libretto av Rinuccini, blei tonesett av Peri og Giulio Caccini, og fortel soga om Orfevs og Evrydike. Songstilen Peri og Caccini brukte var ei opphøgd form for naturleg tale, eit dramatisk resitativ med instrumental strykemusikk til. Resitativ kom dermed før utviklinga av ariar, men det blei snart vanleg å ha med separate songar instrumentalinterlud i periodar då røystene var stille. Både Dafne og Euridice hadde også kor som kommenterte handlinga ved slutten av kvar akt på same måte som i gresk tragedie. Orfevs, ein halvgud for musikk, var eit naturleg emne for slike verk, og Claudio Monteverdi (1567–1643) skreiv sin fyrste opera om han, L'Orfeo, i 1607 for hoffet ved Mantova.

Monteverdi insisterte på eit sterkt samband mellom ord og musikk. Då Orfeo blei framført i Mantova blei eit orkester på 38 instrument, fleire kor og resitativ brukte til å laga eit livleg drama. Dette var ein mykje meir ambisiøs produksjon enn det som var blitt framført tidlegare ― rikare utstyrt, meir variert i resitativ, meir eksotisk i dekorasjon ― med musikalsk klimaks som gav songarane full mogleik til å visa virtuositeten sin. Opera hadde nådd det fyrste mogningsstadiet sitt ved hjelp av Monteverdi. L'Orfeo er i tillegg til å vera den eldste operaen som har overlevd også den eldste som framleis blir jamleg framført.

Opera i Roma I løpet av få tiår hadde opera spreidd seg gjennom heile Italia. I Roma hadde kunstforma ein forkjempar i prelaten og librettisten Giulio Rospigliosi, den seinare pave Klemens IX. Rospigliosi fekk støtte av familien Barberini.

Nokre komponistar som var aktive i denne perioden var Luigi Rossi, Michelangelo Rossi, Marco Marazzoli, Domenico og Virgilio Mazzocchi og Stefano Landi.

Etter 1630-talet endra emna for verka seg kraftig. Ein brukte den pastorale tradisjonen og Arkadia, riddardikting, typisk av Ludovico Ariosto og Torquato Tasso, eller emne frå hagiografiar og commedia dell'arte.

Med auka tal på rollefigurar blei operaer frå Roma svært dramatiske, og hadde fleire uventa vendingar. I lag med dette fann ein fram til ein ny metode til å leggja fast resitativlinjene som passa betre til situasjonane frå dei omfattande forteljingane og som låg nærare tale.

Venezia: Kommersiell opera

Opera fekk ei viktig ny retning då han nådde Republikken Venezia. Det var her det fyrste offentlege operahuset, Teatro di San Cassiano, blei opna i 1637 med ein opera av Benedetto Ferrari og Francesco Manelli. Suksessen forma hadde her flytta opera vekk frå aristokratiske krinsar og inn i den kommersielle verda. I Venezia var ikkje musikalsk drama lenger retta mot ein elite av aristokratar og intellektuelle, og fekk eit sterkare underhaldningspreg. Etter kort tid var det opna mange andre operahus i byen som framførte verk for betalande publikum i karnevalstida. Operahusa hadde svært små orkester for å spara pengar. Ein stor del av budsjetta deira blei brukte til å tiltrekka seg stjernesongarar; dette var byrjinga på stordomstida til kastratsongaren og primadonnaa.

Den viktigaste komponisten i tidleg veneziansk opera var Monteverdi, som hadde flytta til republikken frå Mantova i 1613. Seinare viktige komponistar var mellom anna Francesco Cavalli, Antonio Cesti, Antonio Sartorio og Giovanni Legrenzi. Monteverdi skreiv tre verk for dei offentlege teatera: Il ritorno d'Ulisse in patria (1640), Le nozze d'Enea con Lavinia (1641, seinare tapt) og den best kjende, L'incoronazione di Poppea (1642). Emna for dei nye operaene til Monteverdi og andre var hovudsakleg henta frå romersk historie eller soger om Troja, skrivne for å feira dei heroiske ideala og den noble avstamminga til den venezianske staten. Dei inneheldt også kjærleikssoger og komikk. Dei fleste operaene hadde tre akter, til skilnad frå tidlegare operaer som vanlegvis hadde fem. Det meste av teksten blei framleis framført som resitativ, men i samband med store dramatiske augneblink hadde ein ofte arioso-stykke kjende som arie cavate. Hjå Monteverdi sine etterfølgjarar blei skiljet mellom resitativ og arie meir markert og formalisert. Dette er tydeleg i stilen til dei fire mest suksessrike komponistane frå den neste generasjonen: Francesco Cavalli, Giovanni Legrenzi, Antonio Cesti og Alessandro Stradella.

Utbreiing av operaforma til andre land høgre|mini|Władysław sin operabygning (til høgre) ved det kongelege slottet i Warsawa. I det polsk–litauiske samveldet byrja ein tradisjon med operaoppsetjinga i Warszawa i 1628, med ei oppføring av Galatea (ukjend komponist), den fyrste italienske operaen som blei oppført utanfor Italia. Kort tid etter denne oppføringa sette hoffet opp Francesca Caccini sin opera La liberazione di Ruggiero dall'isola d’Alcina, som ho hadde skrive for prins Władysław Vasa tre år tidlegare då han var i Italia. Dette er den eldste overlevande operaen skriven av ei kvinne. Gli amori di Aci e Galatea blei også Santi Orlandi opprført i 1628. Då Władysław var konge (som Władysław IV) stod han for oppføringa av minst ti operaer frå seint 1630-tal og på 1640-talet, slik at Warsawa blei eit senter for kunstforma. Ein kjenner ikkje til kven som komponerte desse operaene. Det kan ha vore polakkar som verka under Marco Scacchi i det kongelege kapellet, eller dei kan ha vore italienarar henta til landet av Władysław. Eit dramma per musica (som ein kalla seriøs italiensk opera på den tida) med tittelen Giuditta, basert på bibelsoga om Judit, blei sett opp i 1635. Denne var truleg komponert av Virgilio Puccitelli.

Cavalli sine operaer blei framførte over heile Italia av turnerande kompani med enorm suksess. Hans Giasone var den mest populære operaen på 1600-talet, sjølv om nokre kritikarar var forferda over blandinga av tragedie og farse. Ryet til Cavalli spreidde seg over heile Europa. Ein av spesialitetane hans var å gje heltinnene sine «grunnbassklager». Dette var sørgande ariar sungne over ei søkkande basslinje, og dei hadde stor innverknad på Henry Purcell, med «When I am laid in earth» frå Dido and Aeneas er truleg det best kjende dømet på forma. Cavalli sitt ry fekk kardinal Mazarin til å invitera han til Frankrike i 1660 for å komponera ein opera for kong Louis XIV sitt giftarmål med Maria Teresa av Spania. Italiensk opera var allereie blitt framført i Frankrike på 1640-talet til ei blanda mottaking, og Cavalli si utanlandsreise blei ein fiasko. Det franske publikummet tok ikkje godt imot nyoppføringa av Xerse (1660) eller den spesialkomponerte Ercole amante (1662). Dei føretrekte i staden ballettane imellom aktene som var blitt laga av den florentinske komponisten Jean-Baptiste Lully, og Cavalli svor at han aldri ville komponera ein annan opera.

mini|Oppføring av operaen La contesa dell'aria, e dell'aqua, med libretto av Francesco Sbarra og musikk av Antonio Bertali 24. januar 1667, ei samband med bryllaupet mellom keisar Leopolds I og Margareta av Spania.