mini|Kart over inuvialuit-landet
Inuvialuitfolk (inuvialuktuneintal inuvialuk, 'ekte folk') eller vestkanadiske inuittar er inuittar som opphavleg levde i vestdelen av Nord-Canada. Som andre inuittar stammar dei frå thulefolket, som vandra austover frå Alaska. Det offisielle heimlandet deira – Inuvialuit Settlement Region – dekkjer kysten av Polhavet frå grensa til Alaska, aust gjennom Beauforthavet og forbi Amundsenbukta. Det omfattar nokre av øyane vest i Det kanadiske polararkipelet, og eit innlandsområde som omfattar Aklavik og delar av Yukon.Map of the Inuvialuit Settlement RegionMap of the Inuvialuit Settlement Region including communities Landområdet blei fastsett gjennom Inuvialuit Final Agreement frå 1984.
Språk Det tradisjonelle språket til inuvialuitfolk er inuvialuktun. Ved den kanadiske folketeljinga i 2016 blei det rapportert at 680 av 3110 inuvialuitfolk, eller 22 %, snakka dette språket.Statistics Canada: Aboriginal Population Profile, 2016 Census, Inuvialuit regionFigures are for the Inuvialuit Settlement Region only Dei fleste inuvialuitfolk snakkar no hovudsakleg engelsk.
Historie thumb|left|Tradisjonell inuvialuitleir for kvalfangst i nærleiken av Tuktoyaktuk mini|venstre|Inuvialuitguiden Eileen Jacobson Før 1900-talet var dei fleste innbyggjarane i dagens Inuvialuit Settlement Region siglit-inuittar, men i andre halvdelen av 1800-talet var talet deira blitt sterkt redusert av nyinnførte sjukdommar. Nunatamiutar, inuittar frå Alaska, vandra inn i tradisjonelle siglit-området i 1910- og 1920-åra, dels på grunn av etterspurnad etter pels frå Hudson's Bay Company og marknadane i Europa. Nunatamiutar som slo seg ned i siglitområdet blei kjende som uummarmiut (inupiaq for 'folka frå dei grøne trea'). Opphavleg var det sterk mistru mellom siglit- og uummarmiutfolk, men konflikten minka etterkvart som tida gjekk, og dei to folkeslaga byrja gifta seg med kvarandre. Takka vera betre helsestell og inngifte finst det no rundt inuvialuitfolk.
På 1930-talet var inuvialuitfolk involverte i eit prosjekt sett i gang av dei kanadiske styresmaktene om å innføra reinsdyrhald som ei hovudnæring i vestlege Arktis. Det blei brukt store summar på å driva tusenvis av tamrein frå Alaska til ein ny busetnad ved Mackenziedeltaet, Reindeer Station. Det blei henta samar frå Noreg for å læra inuvialuitmenn korleis dei skulle ta seg av dei individuelle flokkane sine. Prosjektet var relativt mislukka ettersom det kravde ein einsam levemåte som var mindre innbringnde enn tradisjonell jakt og fangst.
Busetnader thumb|left|Dei viktigaste inuvialuit-busetnadane Busetnad Engelsk omsetjing Folketal i 2006Alle tal frå folketeljinga i Canada 2006, Aklavik, Inuvik, Paulatuk, Sachs Harbour (Inuvaluittal er for alle urfolk), Tuktoyaktuk and Ulukhaktok. Inuvialuit First Nations Métis Andre urfolk Ikkje urfolk Aklavik"barren-ground grizzly place" 59435018510040Inuvik"place of man"6301600Paulatuk"place of coal"29426000030Sachs Harbourtradisjonelt kalla Ikahuak, som tyder "where you go across to"122105n/an/an/a15Tuktoyaktuk"resembling a caribou"; tidlegare kjend som Port Brabant87070520100145Ulukhaktok"a large bluff where we used to collect raw material to make ulus", tidlegare kjend som Holman398360100030
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Inuvialuit» frå , den 14. november 2022.
Kategori:Inuittar Kategori:Urfolk i Canada