Bjørn Kjos () er ein norsk jurist, flygar og næringslivsleiar frå Sokna i Ringerike. Han var med å etablere flyselskapet Norwegian i 1993, og er ein av dei største aksjonærane i selskapet. Han var administrerande direktør frå 2002 til 2019.
Kjos debuterte som forfattar i 2006 med spionromanen Murmanskaffæren.
Arbeidserfaring Jagarflygar i Forsvaret (F 104) Domarfullmektig Forretningsadvokat og partner i advokatfirmaet Vogt & Co. DA (Vogt & Wiig AS) Administrerande direktør i Norwegian Air Shuttle
Bibliografi Murmanskaffæren (2006, Tiden) Høyt spill : Norwegians vei til himmels : kampene, sjansene og suksessen, ved Jacob Trumpy (2012) Høyt og lavt (2015)
Kategori:Norske forretningsfolk Kategori:Folk frå Ringerike Kategori:Norske forfattarar