Sande er ein kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen grensar i nord og aust mot Herøy, i sør (over fjorden) mot Vanylven og over Vanylvsgapet i sørvest mot Stad kommune.
Lokalavisa for Sande er Vestlandsnytt, medan Sunnmørsposten er regionavis.
Tusenårsstad Tusenårsstaden til Sande kommune er friluftsområdet «Kongsvollen» på Sandsøya. Her finn «Spelet om kong Arthur» stad. Spelet var kommunen sitt tusenårsprosjekt, og er eit humoristisk sogespel om Kong Arthur som kom til øya Doll, eit tidlegare namn på Sandsøya. Sogespelet har vorte eit viktig kulturarrangement for kommunen, og har vorte vist kvar sommar med stor suksess.
Kjende folk frå Sande kommune Bernt Støylen (1858–1937), salmediktar og teolog Olaf Storegjerde (1879-1958), fotograf Bjartmar Gjerde (1931–2009), politikar (Arbeidarpartiet), kringkastingssjef (NRK) 1981-1989 Odd Lovoll (1934-), norsk-amerikansk historikar og professor ved St. Olaf College, Minnesota, USA Jan Åge Fjørtoft (1967– ), landslagsspelar i fotball, klubbtrenar i Tippeligaen og kommentator på NRK og TV3 Magnus Myklebust (1985– ), fotballspelar i LSK og på ungdomslandslaget Fotnotar
Bakgrunnsstoff Sande kommune Sande - Allkunne, levande leksikon Sande kyrkje - Kulturnett.no Storegjerdesamlinga - foto
Kategori:Sunnmøre Kategori:Kommunar i Møre og Romsdal