Reloncavíbukta (spansk: Seno de Reloncaví som tyder 'Reloncaví-sundet') er ei havbukt sentralt i Los Lagos-regionen i Chile. I sør er ho forbunden med nordenden av Ancudfjorden gjennom eit sund mellom Puluqui på fastlandet i vest og Trentelhué i aust. Bukta har ei elliptisk form, og måler 24 nm i N-S-retning med 17 nm frå E til V. På austsida av bukta finst utlaupet på Reloncavífjorden, ca. 30 nm (55 km) lang. I nordenden av bukta ligg regionhovudstaden Puerto Montt.

Reloncavíbukta markerer sørenden av Valle Central i Chile og blir rekna som den geografiske byrjinga av chilensk Patagonia.

Både Reloncavíbukta, Ancudfjorden og Corcovadofjorden var basseng av store innsjøar som i ein periode utgjorde ein del av Valle Central, men som seinare sokk på grunn av geologiske uro, kanskje så seint som for ca. 2 millionar år sidan, og vart overfløymt av havvatn. Senkinga skapte eit landskap med mange øyer, fjordar og sund.

Kjelder

Denne artikkelen er basert på «Seno de Reloncaví» den 5. februar 2023

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Fjordar i Chile Kategori:Geografi i Los Lagos-regionen