Christopher Middleton (fødd ca. 1690, ) var ein britisk marineoffiser og navigatør. Han blei vald til Fellow of the Royal Society 7. april 1737.

Karriere

Middleton fortel av han gjorde teneste på eit kaperskip i Dronning Anne-krigen. Krigen gjekk føre seg i Nord-Amerika mellom 1701 og 1713.

Hudson's Bay Company I 1721 blei Middleton utnemnd til andrestyrmann på skipet «Hannah», og i 1725 blei han forfremja til kaptein. Han utførte til saman 16 årlege reiser på skip som forsynte utpostane til Hudson Bay Company.

Middleton var ein vitskapleg sjømann, og førte systematiske observasjonar av kompassavvik på reisene sine. Hudsonbukta låg nær den magnetiske nordpolen, og Middleton gav ut ein artikkel om observasjonane sine i Royal Society sitt Philosophical Transactions. For dei vitskaplege bidraga sine blei han vald til Fellow of the Royal Society.

Marineoffiser Middleton blei gjeven kommando ombord på HMS «Furnace» i britiske Royal Navy 5. mars 1741. I mai 1741 drog han frå England i HMS «Furnace», i lag med ein mindre båt, under kommando av kommandør William Moor, mot Hudsonbukta i Nord-Amerika på jakt etter Nordvestpassasjen til India.

Middleton vende tilbake til England i 1742, der han blei presentert med Copleymedaljen frå britiske Royal Society. Han presenterte ei avhandling for det vitskapleg selskapet med tittelen The effects of cold; together with observations of the longitude, latitude, and declination of the magnetic needle, at Prince of Wales's fort, upon Churchill-River in Hudson's Bay, North America.

Middleton blei gjeven kommando over HMS «Shark» i mai 1745. Han hadde denne stillinga til 1748, då britane og spanjolane forhandla fram ein fredsavtale. Offiserar i den britiske marinen hadde rett på halv lønn når dei ikkje var på oppdrag, og Middleton levde resten av livet med hav lønn. Han vende tilbake til Hudson's Bay Company og bad om ei kommandostilling, utan suksess.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Christopher Middleton (navigator)» frå , den 16. februar 2023. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Britiske offiserar Kategori:Fødde på 1600-talet Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Copleymedaljen