Alessandra Watle Mele () er ein norsk-italiensk songar. Ho vart fyrst kjend i Noreg i 2022, då ho deltok i The Voice Noreg. Vinteren 2023 deltok ho i Melodi Grand Prix og vann med låten «Queen of Kings», og representerte difor Noreg i Eurovison Song Contest i Liverpool.

Bakgrunn Mele vaks opp i byen Cisano sul Neva i Savona i Italia. Ho har italiensk far, medan mora er norsk med røter på Stathelle i Bamble. Etter vidaregåande skule i 2021 flytta ho til Noreg for å vere nærare den norske familien og samstundes satse på ein musikkarriere. Allereie som barn byrja ho å synge og danse, og ho deltok i si fyrste songtevling som seksåring.

Mele har studert piano og tok songtimar hos ein songpedagog i Italia. I Noreg byrja ho hausten 2022 å studere ved musikkskulen LIMPI på Lillehammer. I 2022 deltok ho i The Voice Norge på TV 2 Direkte og nådde live-rundane. Året etter vart ho plukka ut som ein av deltakarane i Melodi Grand Prix 2023 med låten «Queen of Kings». Låten vart skriven på ein låtskrivarleir hausten 2022. Songen handlar om å våge å vere seg sjølv fullt ut, og er basert på erfaringar frå Mele sitt liv som bifil.

Mele kvalifiserte seg frå den fyrste delfinalen laurdag 14. januar og vann finalen i Trondheim Spektrum laurdag 4. februar. Som vinnar av Melodi Grand Prix fekk ho representere Noreg i Eurovision Song Contest i Liverpool i mai 2023.

The Voice Norge Alessandra Mele deltok i The Voice Norge i 2022. Espen Lind var mentoren hennar under tiden i TV-programmet.

RundeSongOriginalartistResultatBlind«I Will Pray (Pregherò)»Giorgia, Alicia KeysVidareUtslagsrunde«The Moon Is a Harsh Mistress»Jimmy WebbVidareDuell«I Just Can’t Stop Loving You»Michael Jackson med Siedah GarrettVidareDirektesending 1«One Night Only»Beyoncé, Sharon Leal, Anika Noni RoseUte

Diskografi Singlar +LåtÅrAlbum«Queen of Kings»2023Ikkje frå album

Listeplasseringar Oversikt over Alessandra sine singlar med plassering på den offisielle singellista i Noreg og andre listeplasseringar. Lista er oppdatert per veke 8 i 2023: +LåtNoregSverigeUngarnIslandPolenFinlandHøgasteplassering VekerHøgasteplassering VekerHøgasteplassering VekerHøgasteplassering VekerHøgasteplassering VekerHøgasteplassering Veker«Queen of Kings»1635463222721201

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Alessandra Mele» frå , den 2. mars 2023.

Kategori:Norske musikarar Kategori:Italienske musikarar Kategori:Melodi Grand Prix-vinnarar Kategori:Melodi Grand Prix 2023-deltakarar Kategori:Melodi Grand Prix 2023-låtskrivarar Kategori:Norske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Norske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2023-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2023-låtskrivarar