Vårpryd (Puschkinia scilloides) er ei plante i vårprydslekta i aspargesfamilien. Arten kjem opphavleg frå Vest-Asia.
I Noreg er arten ein framandart som er innført som prydplante og som vart funnen forvilla i 1970. Arten er i rask auke og veks spreidd langs kysten frå Østfold til Flekkefjord og her og der nord til Tromsø. I Framandartslista 2023 er arten registrert med potensielt høg risiko (PH), oppgradert frå låg risiko (LO) i 2018.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Vårprydslekta