Anne Cathrine Dietrichs (), også kjend som Trine Dietrichs, var ein norsk politikar og kvinnesaksaktivist. Ho var ei av de fyrste kvinnelege bystyrerepresentantane i Drammen, og ein førande medlem i Drammens kvinnesaksforening.

Familie Trine Dietrichs var dotter av politimeisteren og seinare sorenskrivaren Christian Ferdinand Fredrik Dietrichs (1811–1861) og Johanne Erikka Søgaard Broch (1823–1904) av Broch. Ho var ugift heile livet.

Liv og virke I 1875 blei Trine Dietrichs tilsett som lærar ved Bragernæs Offentlige Almueskole i Drammen, og frå 1892 var ho tilsynslærarinne ved folkeskulen på Bragernes.

Ved kommunestyrevalet i 1901 blei ho saman med Ottilie Bie vald inn i kommunestyret i Drammen. Dei var dei første kvinnene til å bli valde inn som representantar der. Seinare sat ho også i formannskapet i kommunen.

Dietrichs var aktiv i Drammens kvinnesaksforening, og utarbeida i 1921 boka Beretning om Drammens kvinnesaksforening 25-årige virksomhet 19. mai 1896 – 19. mai 1921.

Bibliografi 1921: Beretning om Drammens kvinnesaksforening 25-årige virksomhet 19. mai 1896 – 19. mai 1921 utarbeidet av Thrine Dietrichs

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Trine Dietrichs» frå , den 21. mars 2023.

Bakgrunnsstoff

Lokalhistoriewiki: Thrine Dietrichs

Kategori:Norske politikarar Kategori:Norske kvinnesaksfolk Kategori:Folk frå Tingvoll Kategori:Medlemmar av Norsk Kvinnesaksforening