Idar-Oberstein er ein by og ein kommune nord i forbundslandet Rheinland-Pfalz i Tyskland. Kommunen har 28 423 ibuarar og eit flatemål på 91,6 km². Idar-Oberstein ligg 272 meter over havet i Hunsrück.

Byen er i Tyskland kjent som smykkebyen, grunna sin sentrale plass i smykke-næringa.

Idar-Oberstein har vore garnisonsby sidan 1800-talet. Skodespelaren Bruce Willis vart fødd i Idar-Oberstein.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Idar-Oberstein» frå , den 18. april 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Rheinland-Pfalz